Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Rotraut Susanne Berner: Året rundt i Vrimleby

VrimlebyFrå 0 år

Dette er boka der ein kan undre seg gjennom heile året. I denne samleboka følgjer vi livet i Vrimleby gjennom vinter, vår, sommar og haust.

Året rundt i Vrimleby er ei biletbok for dei minste borna der ein kan samtale om bilete eller dikte små historier. Den første sida for kvar årstid presenterer personane og inviterer til å starte ei historie og følgje dei vidare gjennom året i Vrimleby. Slik inviterer boka og bileta til samtale omkring ulike personar, ting eller hendingar. Slik som til dømes borna som er på biblioteket og låner bøker eller papegøyen Niko som stikk av. Eller kva foregår på Kulturhuset?

Ein kan følgje personar frå side til side. Kvar skal dama med det vesle barnet som sit på bussen? Eller kvar flyg papegøyen? Eller ein kan følgje hendingar i byen frå årstid til årstid. Kor langt har dei kome med den nye barnehagen no? Dette inviterer til å studere detaljar og følgje personane gjennom året.

Bli med til Vrimleby, her skjer det mykje både vinter, vår, sommar og haust!

Kategoriar

Fleire boktips

3–6
0–3
3–6
3–6