Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Gyrid Axe Øvsteng: Førstemamma på Mars

FørstemammaFrå 5 år

Gyrid Axe Øvsteng si biletbok Førstemamma på Mars er ei sterk og angstfull forteljing om korleis born opplever alvorleg sjukdom hos ein av foreldra.

Det kan seiast med ein gong: Dette er ikkje ei forteljing med nokon lukkeleg slutt som  dramatikaren og barnebokforfattaren Øvsteng har skrive. For mamma blir ikkje frisk att. Tvert om: Ho blir første mamma på Mars, ein fantasirik parallell til det hinsidige, himmelen, og alt anna det blir kalla når foreldre skal fortelje borna sine om kva som skjer med oss etter døden.

Eit sårt «poff»
Både vaksne og borna sit nok med hjartet bankande i handa etter å ha lese den korte forteljinga om ei jente i førskulealder, som i byrjinga får ei mor på sjukehus, og ein bekymra far som ikkje klarer å lindre lengten etter det den vaksne lesaren skjønar er ei døyande mor.

Medan mamma er på sjukehus og dottera nektar å forstå at ho er borte frå huset, blir stemninga mellom far og dotter verre for kvar gong jenta fantaserer seg inn i falske førestillingar om at den supre og humørfyllte mora framleis finst i kvardagen. Når dette så blir avslørt som ønsketenking gong på gong, er det ei sår punktering av fantasiane til veslejenta når fråværet effektivt vert kommunisert med «POFF» i dei ofte teikneserieaktige illustrasjonane frå Per Ragnar Møkleby.

Barnets perspektiv
Det er ikkje lett å takle at mor krympar inn og heilt opp på Mars, verken for far eller dotter. Men det er ikkje far og mors sorg som er brennpunktet her, men jenta, og korleis ho erfarer det heile: Opplevinga av svart, fysisk avstand til mor, raudsint, mental avstand til far. Og korleis det er å møte mor på sjukehuset når ho har blitt så tynn og skral.

Til sjuande og sist er det jentas fantasi som vert «redninga», og gjennom den blir ein nært føreståande og uforståeleg bortgang iscenesett og forklart av foreldra som ein tur til Mars.

Det er viktig at barn får lese om dette temaet. Og dette er i høgste grad emosjonelt og terapeutisk både for vaksne og barn. Når eg i byrjinga skreiv at dette er ei angstfyllt forteljing utan lukkeleg slutt, er det ikkje det samme som at historia om mors bortgang er brutalt og usmakleg skildra. Bruken av eit kortfatta språk, perspektivrike illustrasjonar og ein harmonerande tur til Mars er med på å balansere ein gåsehud-situasjon som alltid vil ha kraft til å gi mareritt hos alle og einkvar.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
3–6
6–9
Frost
3–6