Sunniva Relling Berg: Beina i gitaren

Beina_i_gitarenFrå 14 år

«Framleis kjenner eg grepet hans om ankelen, som ei varm fotlenke.»

Det er det fyrste me vert fortalde om kva Hans betyr for Bo i denne boka, og me skjønar at det er eit forhold som inneheld både tvang, lyst og motstand. Boka dreiar rundt nett dette, gjennom ein lang hyttesommar og eit endå lengre skuleår i livet til Bo. Bo, som kjenner seg utilpass og framand, er sint på alle og ikkje vil ha noko av nokon. Så møter ho Hans, som ho oppdagar at ho vil ha, veldig, sjølv om ho er sint på han òg, og han kanskje eller kanskje ikkje er ein dårleg fyr.

Beina i gitaren er ei truverdig skildring av ei fortviling av den typen som ein ikkje veit heilt kvar kjem frå, men som rasar gjennom kroppen, og driv hovudpersonen Bo til handlingar som er meir eller mindre fiendtlege mot henne sjølv og dei som er rundt. Ho barberer av seg håret for å markera at ho ikkje lenger vil prøva å passa inn. På telttur med dei gamle venene sine smadrar ho gitaren sin og legg ein død hoggorm i teltet. På ein fest drikk ho seg sanselaust full, og på neste rotar ho med Hans bak huset medan kjærasten hans er inne med dei andre.

Noko av det som løfter boka ut av det «ungdomsbokaktige» er at det som plagar Bo ikkje vert fiksa av at ho får snakka ut med besteveninna eller funne ut av det med han ho er forelska i eller foreldra. Det ordnar seg ikkje. Og nett det er kanskje også ein aldersmarkør, både når det gjeld kven boka er skriven for og når det gjeld kven Bo er. I bøker for born skal det helst gå bra, og i livet til born har vaksne eit ansvar for at ting skal løysa seg. Når ein er så gamal som Bo, 17, har ein sjansen til å øydeleggja for seg utan at nokon ordnar opp.

Det gjer også boka spennande. Bo er såpass uføreseieleg at me veit aldri heilt om ho vil handla «godt» eller destruktivt, det veit me heller ikkje med Hans, noko som gjer båe truverdig desperate. Spennande vert det òg av at det heile kjennest verkeleg, som om noko faktisk står på spel.