Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Monsterboka

MonsterbokaOpplegg til boka:
Les for livet: Opplegg til novella «Grunna» frå Monsterboka

Illustrert av Gunvor Rasmussen

Grim skulle berre ut og hente posten. Han hadde venta på eit blad i fleire dagar, så han var litt utålmodig og gjekk ganske fort, rett på ei kvinne ute på fortauet. Ho skvatt og sleppte eit skrik ut av seg. Det hadde ho kanskje rett til. Av og til må ein få lov å skvette og skrike litt. Men så gav ho seg til å hyle. Tunga låg og skalv inni munnen hennar. Grim kom på at han ikkje hadde kjemt seg på ei stund. Han såg kanskje litt rufsete ut. Men å hyle slik?
– Du overreagerer, ropte Grim.

Slik startar forteljinga «Monsternytt» av Arnfinn Kolerud. Med sin lune, lågmælte humor fortel han om Grim som fylgjer etter kvinna til huset hennar for å levere tilbake veska ho gløymer når ho spring frå han i redsel. Ho trugar med å ringe politiet, men har gløymt nummeret. – 112, seier Grim. – Skal eg slå null først? spør fru Lund. Snart kjem Lensmannen, som må gjere ei grundig vurdering av om det er lov å sjå ut slik Grim gjer. Er det eigentleg lov å vere eit monster? Dei tre drøftar saka kring hagebordet, over ein kopp kaffi og kvart sitt stykke av den gode eplekaka Grim har med. Lensmanen konkluderer: – Det må vere lov å sjå litt uvanleg ut, utan at folk skal skrike opp og ringe til politiet. Takk for kake!

«Monsternytt» er ei av tjue nyskrivne forteljingar av like mange forfattarar i Monsterboka. Historiene er illustrerte med overskot og variasjon, slik at alle dei ulike monstera får kvar sine identitetar og personlegdomar i samspel med tekstane. Mellom dei som skriv er forfattarar som Ingelin Røssland, Lars Mæhle, Ruth Lillegraven og Linn T. Sunne. Boka er den fjerde boka Skald forlag lagar over denne leisten: Nyskrivne forteljingar samla i antologiar som fungerer både for høgtlesing og sjølvlesing for mellomstore lesarar. Før har dei gjeve ut Godnattboka, Eventyrboka og Trøysteboka.

Å vere monster byr på utfordringar som snur opp ned på verda slik vi kjenner ho, og hjelper oss som les til å sjå tilveret frå andre perspektiv enn vårt eige. Det har vi godt av!

Lesarane vil grøsse, le og fryde seg over forteljingane, men det er noko meir i mange av tekstane, slik som i Kolerud sin. Noko uventa og utfordrande som ikkje berre legg til rette for ei god lesaroppleving, men også for ei god lesarerfaring som opnar for refleksjon omkring det å vere annleis og det å ha det bra i lag på trass av at vi er ulike.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

3–6
6–9
Frost
3–6
3–6