Lisbeth Dreyer: Luisa og Ugla

Luisa og UglaIllustrert av Gustav Kvaal

Ein gong.

Høgt i eit tre
budde Ugla og eg.

Slik startar Luisa forteljinga om seg sjølv og venen Ugla, og me ser at dei sit saman på ei grein og har det koseleg.

Så byrjar Luisa å høyra kviskring og snakk om at det kanskje ikkje går an at ei ugle og ei jente er bestevener, og ho byrjar tvila sjølv og fell (svært symbolsk) ned frå treet. Ho dreg ut i verda og møter mange underlege par, før ho skjønar at det er ugla ho saknar, og spring tilbake.

Forteljinga er formidla med rim og rytme og illustrasjonar som vert levande på ein filmaktig måte gjennom ein fartsmimande strek og stendig skifte av synsvinkel. Boka ser ut til å vera laga med tanke på høgtlesing for ei barnegruppe: Illustrasjonane er så store og tydelege at alle ser godt nok om ein sit i ring, og teksten er rytmisk, fengjande og kort nok for kvart oppslag.

Boka handlar om venskap og det å passa saman sjølv om ein er ulike, og kva som gjer at ein kan høyra saman med nokon. Og ho handlar om at ein av og til må få ta seg ein tur åleine og finna ut av ting sjølv. Dette er sentrale spørsmål som dei fleste menneske vert plaga av frå tid til annan, men som kanskje er spesielt nye og intense for mange tre-fire-fem-seks-åringar.

Den luftige komposisjonen i boka med store, opne bilete, lite tekst og tydelege pausar, gjev mange rom til mindre og større samtalar om ulike sider ved det å vera glad i nokon – og om langt meir enn bestevenskap. Det er ein kvalitet ved boka.

Utdrag frå boka: