Marit Heier Lajord og Line Halsnes: Olava og bestefar

Olava og bestefarFrå 4 år og oppover

Olava og bestefar er ei varm skildring av venskap mellom bestefar og barnebarn, men også av korleis me handterer døden.

Me får fylgja Olava gjennom det å ha ein frisk kompisbestefar som vert sjuk og døyr, og også inn i det som skjer etterpå. Med det som skjer etterpå meiner eg ikkje sorg og tomheit, men gravferd. Nesten halve boka skildrar gjennomføringa av gravferdsritualet, sett frå Olava sin synsstad. Det startar med det som i boka vert kalla utsyning (at den døde ligg stelt i open kiste og er klar til å verta gravlagd):

«Folk sit i stova og syng ein salme. Kista står med lokket opna i gangen. Det heiter for utsyning.

Augo til bestefar er att, huda har blitt kvit og kald. Når Olava stryk bestefar over kinnet, kjenner ho skjeggstubbane. Men når ho klappar han på handa, er den litt som gummi. Bestefar lyt vere ein annan stad»

Dette er ein skikk som nok var meir vanleg før enn no, og som kanskje skaper meir nyfikne enn attkjenning.

Frå den same nøkternt og sanseleg observerande posisjonen får me høyra og sjå om gravferda, frå dei legg på kransar i kyrkja, til kista vert boren ned kyrkjetrappa, jordpåkastinga, og kaker og brus i minnestunda etterpå. Dette er ein måte å snakka om gravferder som inviterer til å undra seg, spørja og snakka. Det er kanskje fordi det ikkje er korleis sorga kjennest som er i fokus i forteljinga, men heller alle dei tinga ein gjer rundt døden. Mange born har erfaringar med gravferder, og desse er truleg i varierande grad knytte til tap og sorg.

Denne mangfaldige erfaringa med død og gravferd som born sit på, gjer det kjærkome med ei barnebok som handlar om og inviterer til samtale kring den praktiske handteringa av døden.

Utdrag frå boka: