Anette Skarsbø og Galina Listopadova: Dragepusen

Jenny er ei nysgjerrig jente som likar å utforske ting. Nabojenta, Linnea, har fortalt om den skumle dragepusen som bur i skogen. Ein dag tek Jenny med seg hunden sin, Mira, for å finne ut meir om denne skumle skapningen. Kan dei to bestevenene klare å finne ut av dette mysteriet? Anette Skarsbø (f. 1986) er oppvaksen på Systrond i Leikanger kommune, men er no busett i Sogndal saman med dotter si. Ho jobbar som lærar, og har norsk og engelsk som spesialfelt i skulen. Dragepusen er hennar debut som barnebokforfattar.