Janne Nerheim og Silvia Karlsen: Englatrollet Elea er modig

Englatrollet_Elea_er_modigISBN: 9788299963404

Utgjevar: Forlaget Elea

Boka handlar om å ha mot til å seie i frå om noko ikkje er slik det skal vere. Englatrollet Elea skal byrje på skulen, og opplever mobbing i sitt møte med dei store trolljentene i skuleskogen. Boka er eit godt utgangspunkt for samtalar om mobbing, og utfordrar dei minste til å tenkje over korleis dei er mot andre, og korleis andre er mot dei.

"Trolla i dei djupe, norske skogane vert ofte omtala som dumme, farlege, og feige. Samstundes nytter me ord som godhjerta, rettferdige og omtenksame om himmelens englar. Så, kva er eit englatroll? Jo, det er eit lite troll som har mot til å vera annleis. Eit troll som har mot til å seie meiningane sine, eit som tør å stå opp for seg sjølv og for andre småtroll. I denne vesle boka får du møte eit heilt spesielt englatroll for aller fyrste gong".