Inger Norberg og Jan Ove Ulstein: Rasmus leikar med elden

Boka er ei fullillustret bok i lettlessjangeren for tenåringar. Ho er illustrert av Motorfinger. Det er historia om Rasmus, som på mange måtar leikar med elden, og kjem opp i umoglege situasjonar, til sist hos politiet. Historia er fortalt av ei god vennine, Julia. Boka kjem ut samtidig på svensk, og har bakgrunn frå eit arbeidsseminar på Biskop-Arnö for nordiske barne- og ungdomsforfattarar.