Bertram & Schulmeyer: Coolman og Kai

Kai har sin heilt eigen Skybert, nemleg Coolman, som aldri lar han vere i fred, og som steller i stand den eine katastrofen etter den andre. Vår helt Kai kjem opp i dei vanskelegaste og mest utrulege situasjonar på grunn av ei irriterande og uregjerleg storesøster og usynlege Coolman som alltid kjem med dårlege råd og sett Kai i knipe.

Livet med Coolman er aldri kjedeleg, og heller aldri lett!

I Coolman og Kai er det kort mellom latterbrøla, og dei som er fan av Pingles Dagbok vil få nye yndlingar, nemleg Coolman og Kai!

Omsett av Ragnar Hovland.