Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Áslaug Jónsdóttir, Rakel Helmsdal og Kalle Güettler: Monsterbråk

MonsterbråkStoremonster og Veslemonster kan ikkje bli einige om kva dei skal leike. Veslemonster vil ri, medan Storemonster heller vil fiske. Dette blir det ein storkrangel av som ender med skjellsord, monsterbråk og eit stort smell. Så kjenner Veslemonster eit stikk i magen. Kanskje Storemonster har det vondt?

Ei humoristisk forteljing om monstrøse kranglefantar som til slutt er bestevenner likevel.

Bøkene om Storemonster og Veslemonster er elska av både store og små monstervenner. Dei har vunne ei rekkje prisar og er omsett til mange språk.

Monsterbråk har vore nominert til Nordisk råds barnelitteraturpris 2013 og er kåra til Årets høgtlesebok 2014 av Foreningen Norden. Áslaug Jónsdóttir er dessutan nominert til IBBY-prisen 2014.

Utdrag frå boka

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
3–6