Solveig Aareskjold: Lesebok for jenter. Frå Homer til The Hunger Games

Lesebok for jenterSolveig Aareskjold er ein forfattar med stor produksjon av romanar og essaysamlingar. For underteikna er ho først og fremst ein underfundig og stilsikker essayist, som meistrar hovudintensjonen bak sjangeren: å skape refleksjon hjå lesaren ved å gjere uventa og spenstige tankesprang og å setje spørsmålsteikn ved velkjende sanningar.

Aareskjold startar i kjend stil med eit forord til boka, der vi kan lese følgjande påstand: «Det er ei utbreidd misforståing at kvinnene ikkje hadde fullt menneskeverd før dei fekk stemmerett og lov til å studera ved universitetet. Derfor blir sjølv dei mest oppvakte og handlekraftige jentene narra til å tru at dei ville ha vore slavar om det ikkje var for samfunnsreformane dei siste hundre åra». Med andre ord, Aareskjold er essayistisk slagkraftig frå første bokstav. Og ho har eit tydleg mål med boka, nemleg å fokusere på tekstar gjennom tre tusen år der kvinner vert skildra med fullt menneskeverd.

Lesebok for jenter er ei tekstsamling som passar best for jenter i vidaregåande skule, fordi mange av tekstutdraga kan verte for lange og krevjande for jenter i yngre alder. Tekstane i utvalet er skrivne av kvinner, med to unntak, Homer og dei norrøne forteljarane. Boka er innordna i kapittel der Aareskjold skriv ein introduksjon av teksten og set teksten inn i ein samanheng. Tekstane er ordna kronologisk, og kvart kapittel er knytt til omgrep som handlekraft, identitet, sjølvrealisering, lojalitet, ære, makt, fantasi, empati, skam, frigjering, omsorg og mot. Kapitteloverskriftene legg derfor føringar for lesinga av tekstane.

I introduksjonen til teksten om Perpetua får vi eit innblikk i den kommenterande skrivemåten til Aareskjold: «Mange jenter skriv dagbok. Det same gjorde den kristne Perpetua som levde i Kartago i det noverande Tunisia om lag to hundre år etter vår tidsrekning. Ho har òg det felles med mange jenter i vår tid, til dømes den pakistanske menneskerettsforkjemparen Malala, at ho var i livsfare fordi ho ville ha eit fullverdig liv. På den tida var det dødsstraff for å vera kristen, og i dagboka si fortel Perpetua om kvifor ho ikkje kunne gje opp det ho trudde på: Ho kunne like godt gje opp å vera seg sjølv». Slik får Aareskjold vist at problemstillingane til jenter i tidleg kristen tid framleis har aktualitet i dag, fordi dei kjempar for fullverdige liv. Det samanliknande grepet vert nytta i kommentarane til fleire av tekstane i boka. Til dømes vert dronning Kristina samanlikna med Pippi Langstømpe og Saga Norén frå tv-serien Broen som Aareskjold meiner er representantar for moderne og sterke kvinner frå Sverige.

Forventningar som er typisk til jenter vert også viste fram i tekstsamlinga. Til dømes vert krava til det å vere ei veninne tydlege i romanutdraget til Dikken Zwilmeyer. Dikken Zwilmeyer er først og fremst kjend for Inger Johanne-bøkene frå tida rett etter hundreårsskiftet, og Aareskjold knyter tekstutdraget til empati. Ho skriv at det finst tilfelle der «kravet til empati blir meir enn den einskilde kan bera. Særleg ligg det eit stort press på jentene, som i dei siste hundreåra har blitt rekna for å ha både medfødd evne og naturleg plikt til å vera snille med alle» (109). Er «kravet om altomfattande venninneskap eit krav om personleg utsletting?» (ibid) spør forfattaren.

Aareskjold viser også dei store forskjellane mellom bok og filmadaptasjon i dømet Mary Poppins. Forskjellen på den vennlege Mary Poppins levandegjort av Julie Andrews i filmversjonen (1964) og den langt meir bestemte Mary Poppins i boka frå 1934, er påfallande. Aareskjold hevdar at Mary Poppins i bokversjonen står i ein Pippi-tradisjon, sjølv om Pippi er langt meir ettergjevande og mindre magisk enn Mary Poppins, som både kan flyge og vere bisk og sint – om det høver seg slik. Kanoniseringa av den vennlege Mary Poppins i filmen seier kanskje noko om det rådande samfunnssynet på 1960-talet. Mary Poppins vert i filmen assosiert med mild og kjærleg barneoppdraging, og stadfestar det tradisjonelle kvinnesynet i samtida.

Aareskjold avsluttar med eit utdrag frå Hunger Games. Personportrettet av Katniss Evergreen har klare referansar til antikken, og til sjølvstendige og sterke gudinner som Artemis. Slik får Aareskjold nok ein gong vist at personportrett av uredde og dyktige kvinner har funnest til alle tider, og at moderne litteratur hentar idear og inspirasjon frå klassisk litteratur og religion.

Prosjektet til Aareskjold er interessant på mange måtar. Ho er tydleg politisk og har overordna grunngjevingar for å gi ut boka. Ho er polemisk og har ein brodd mot institusjonar, blant anna universiteta, som ho meiner ikkje har endra seg.

Det kunne vore mogleg å brukt heilt andre tekstar enn dei Aareskjold nyttar, slik det alltid vil vere ein diskusjon om tekstar eller tekstutdrag i alle tekstsamlingar. Som lesar er det nokre tekstar eg meiner står seg betre i denne samlinga enn andre. Men som prosjekt er ideen god og viktig.

Utdrag frå boka: