Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Gaute M. Sortland: The Rise and Fall of Gøran Trovåg

The Rise and Fall of Gøran TrovågFor ungdom

Tittelen på denne boka fortel mykje, og mellom anna at det handlar om lagnaden til ein einskildperson som står i sentrum i ei historie som er fortald i ein lett tone, men som handlar om ting som er alvorlege nok for den det gjeld. Gøran Trovåg er ein slik gut som tek styringa i prosessen med å finne ut kva for for person han vil vere. Han bestemmer seg for å heller heite Stuart, at han og venene skal vere gentlemen etter visse kriterium som dukkar opp langsmed, og dei startar eit band, røyker sigarar og går i dress.

Gøran sitt utgangspunkt, eller eventuelt Stuart sitt, er ganske utfordrande, for han lever i ein heim med alvorlege rus- og samlivsproblem, og på toppen av dette er han eit skulelys som får gode karakterar på alt han leverer. Det triste som utviklar seg i botnen av forteljinga gir eit tydeleg dynamisk klangbilete som vil fungere fint for målgruppa.

Og godt er det heilt klart at Gøran/Stuart er så tøff og har så mykje humor. Det er òg humoren som langt på veg er motor både i handling og forteljing. Stuart og venene hans er sjølvmedvitne på ein underhaldande måte, og det oppstår for eksempel ei sjarmerande form for sjølvrefererande litteratur når Stuart og venene kategoriserer diverse hendingar som dei kjem ut for, under ulike sjangrar. Og i tillegg til å finne både tragedie og komedie i bøtter og spann i boka om Stuart, får vi òg kjenne på ein god del spenning knytt til action.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
ungdomsbøker