Sissel Horndal: Historia om alfabetet

Historia_om_alfabetetKaia har byrja på skulen og slit med å læra bokstavane, men heime hjå bestemor får ho høyra soga om den gongen bokstavane samla seg og vart til alfabetet.

Ein gong for lenge sidan var bokstavane ville og budde ute i naturen. Etter eit uvêr fann A ut at han laut søkja tilflukt, og på ferda samla han dei andre bokstavane og tok dei med seg til ei varm og trygg hole.

«Kvifor har vi ikkje gjort dette før?» undra U. Han hadde gøymt seg i ei ur saman med V, og no sneik dei seg etter den lange rekka som kom gåande forbi. Då fekk dei plutseleg sjå nokon bak seg. W, X, Y og Z. Ingen visste kor dei hadde vore. Dei var skumle og heldt seg mest for seg sjølve.

Til slutt finn bokstavane ut at dei kan fortelja kva det skal vera, dersom dei slår seg saman.

Historia om alfabetet har vorte ei fin bok, særleg for born som har byrja på skulen, men ho kan òg fungera fint for dei eldste i barnehagen. Illustrasjonane til Sissel Horndal er både sprelske og stemningsfulle der dei syner oss rare bokstavar og magiske augneblinkar.