Laura Djupvik: God dag, herr Jul

God dag, herr JulI denne boka møter vi Malin og veslesystera Molla, som skal prøve å feire jul i eit hus som dei akkurat har flytta inn i, i lag med ei mor som synest at jula berre er dyr og slitsam. Det nye huset deira ligg i ei gate der gatelyktene ikkje fungerer, og i nabohuset bur det ein veldig einsam person, og så ei heks, eventuelt. Om det stemmer, det som dei høyrer på skulen.

Dei kjem etter kvart til ei forståing av at det ikkje alltid er julestemning kvar jul i alle hus, og boka reiser spørsmål rundt kva det er som skal til, kva det heile handlar om og kva som kan gå gale. Onkel Thor, tidlegare emissær og eventyrar, gir Malin ting å spekulere på som er til stor distraksjon og hjelp i ein slik situasjon, som i utgangspunktet er ganske eksistensielt svimmel, for jula skal ein liksom kunne stole på når ein er liten.

Det er trist når Malin i altfor ung alder kjem fram til at jula berre er eit par fridagar som alle andre dagar, og at ingen ser ut til å bry seg. Men det er mange ting som gjer at dette ikkje er så trist likevel, og eg har alt vore inne på onkel Thor. Ein annan ting er dei mildt surrealistiske tendensane. For eksempel så blir den einsame naboen invadert av juletre som ingen veit kvar kjem frå. Og så er noko med at Malin er litt spissformulert, og at spissformuleringane hennar har ein tendens til å gå litt i flukt / i surr med dei mildt surrealistiske tendensane. Dessutan så har dei to systrene ganske mykje dei må ordne opp i.

Her er julebodskapen sett inn i ein samanheng der ting er litt merkelege og rare. Det er ei varm og god forteljing, som på ein triveleg måte seier ting rett ut, men som ikkje svarer på alle spørsmåla.

Utdrag frå boka: