Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Erna Osland: Under ein stein

Under_ein_steinIllustrert av Inger Lise Belsvik

Erna Osland har skrive fagbøker for barn om mange ganske ulike tema, som dyr med skarpe tenner (Skarpe tenner, 2005), fuglar (Venner med venger, 2012) og verdshistorie om hår (Hår i millionar år, 2000). Denne boka handlar om vesen som lever under steinar.

Boka har eitt kapittel om kvar av elleve utvalde dyreartar som ein kan oppdage når ein løftar på ein stein. Det gjer boka veldig fin å ha tilgjengeleg når ein held på med akkurat det, slik at det er lett å sjekke om ein skulle komme over eit dyr som ein ikkje veit kva heiter. Slike dyr gøymer seg jo ofte ganske raskt, fordi dei har sine grunnar til å like best å vere under ting. Ein annan måte å bruke boka på er å lese og snakke om eitt dyr kvar kveld før ein skal sove, for eksempel, og ta det slik frå perm til perm. Eller ein kan bruke plansjen «så store er små dyr», som viser teikningar av dyra i naturleg storleik, som ei innhaldsliste i bildeform. Så kan ein la den ein les til peike på det dyret som vedkommande måtte ha lyst til å høyre om.

Der dei i Portveien 2 song at «jeg er et menneske, og jeg er snill, vær i min hage så lenge du vil», finn ein og det same perspektivet her, men litt meir indirekte sagt, for eksempel slik: «Gjennom eit forstørringsglas kan du sjå at skolopenderen har ein grufull munn: Den har fleire par kjevar, i tillegg til dei har han giftklør.» Det er alt i alt veldig mykje interessant og nyttig ein får vite, som at det ikkje er lurt å ta på oljebiller, som liknar litt på jordløparar, fordi dei skil ut gift når dei blir redde, men at løpebilla, sjølv om ho er farlegare enn ei løve for små kryp, trygt kan haldast i handa. «Det verste som kan skje, er at ho blir redd og forsvarer seg med å gi frå seg ei væske som luktar vondt og kan få deg til å klø litt.»

Alle kapitla har ein liten, vitskapleg oppsummerande del til slutt, med norsk namn, latinsk namn, storleik, utbreiing, mat, og så nytte til slutt, der ein både får vite om rollene som dei små dyra spelar i økosystema sine, og ting som at dei er morosame å sjå på for oss menneske. I eit eige kapittel om menneske og virvellause dyr, der det blir drive zoologisk samanlikning, blir det slått fast at «Vi virvel-menneske har lett for å seie at dei virvellause er enkle eller beintfram primitive. Men du veit no at dei virvellause dyra er spesialistar på kvart sitt vis». Det er ei kjempefin bok, og illustrasjonane til Inger Lise Belsvik er og informative og gode, og gjer lesaren obs på ting som kor uttrykksfull ein spretthalekropp kan vere.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

3–6
6–9
9–12
9–12