Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Solveig Blindheim Bendixen: Tenk at det var Teo!

Tenk_at_det_var_Teo– Kan du seie noko du er flink til, Teo?

Dette er tredje boka om fyrsteklassingen Teo. Denne gongen startar boka med ein «vurderingssamtale» mellom læraren Vibeke og Teo, og spørsmålet om kva han er flink til, lurer Teo ut på galeien. Å vera flink til å bretta mjølkekartongar er visst ikkje nok, så Teo seier at han kanskje er litt god i fotball. Det vert starten på ei rad med forviklingar.

Sidan venene verkar skeptiske når Teo fortel at han sa til Vibeke at han var litt god i fotball, må Teo visa at han er god. Det går ikkje særleg bra, og leier han inn i endå meir trøbbel, som kulminerer med brytekamp med bestevenen Jon og gråting hjå vaktmeisteren. Heldigvis endar det godt!

Fyrsteklassingen Teo er ein figur det er lett å leva seg inn i, både for andre fyrsteklassingar (og andreklassingar, og tredjeklassingar …) og for vaksne. Me føler med han kvar gong det går gale når han skal visa kor flink han er, og tenkjer «Nei, Teo, tenk deg litt om!» Han er òg ein god hovudperson fordi lesaren ofte kan vera litt klokare enn Teo, noko som er eit kjenneteikn ved forviklingskomediar. Lesaren skjønar kor det ber før helten. Det å skjøna litt meir enn nokon, trur eg er ei oppleving fyrsteklassingar ikkje er bortskjemde med.

Boka er prega av attkjennelege situasjonar frå småskulelivet, med vurderingssamtalar, kartongbretting, fotball i friminutta og velmeinande lærarar som ikkje får seg alt som skjer. Det gjev truverde. Gjennom at det som utløyser problema for Teo denne gongen, er spørsmålet om kva han er flink til, rettar boka kanskje òg eit lite spark mot tendensen til at ungar ned i småskulen skal vurdera seg sjølve ut frå kva dei er flinke til. Som vaktmeisteren seier når Teo er lei seg: «Du treng då ikkje vere flink for å vere ein ven!»

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
Frost
3–6
3–6
3–6