Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Magnhild Bruheim: Hyttemysteriet

HyttemysterietI denne andre boka i spenningsserien om Stian og Stine oppsøkjer Stian ei gammal, forfallen hytte i skogen. Ein gong skjedde det eit mord i hytta, eit mord som ikkje vart oppklara. Det er noko mystisk med hytta, og saman med Stine bestemmer Stian seg for å finne ut kva det er. Kven er mannen som ser ut til å bu der? Har han noko med drapet å gjere?

Det er meir enn mysteriet som må jobbast med. Dei to stesøskena har nettopp blitt ein del av ein ny familie, og det er ein del som skal gå seg til. Mor til Stine ønskjer at dei skal ha kvalitetstid i lag heile familien, men det er ikkje berre enkelt å få alle til å prioritere pizzakveldar i heimen når det er så mykje anna som lokkar, både for storesøstra Malin og dei to unge detektivane. Dessutan likar Stine å vere saman med Julie og Ida, og då er det ikkje lett å få tid til både detektivarbeid og kvardagsliv. Når ho i tillegg tek til å få fine meldingar frå Markus i klassen, får ho enno fleire tankar i hovudet.

Stian er ikkje alltid begeistra over prioriteringane til Stine, og nøstar i trådane til mysteriet på eiga hand. Dessutan er det fint å ha journalistoppdrag for UNG-sida i lokalavisa som påskot. Men er det lurt å løyse mysterium åleine når ein har med ein potensielt farleg mann å gjere? Både Stian og Stine opplever litt meir spenning enn dei hadde tenkt på førehand. Klarer dei å løyse mordgåta?

Hyttemysteriet har mykje action og spenning i seg, og det er vanskeleg å leggje boka frå seg når ein først har starta på henne. Karakterane vert skildra på ein truverdig måte, og vi får eit innblikk i den nære vennskapen mellom Stine og Stian. Boka har også eit undertema om mobbing og korleis det kan opplevast å vere litt utanfor.
Hyttemysteriet passar godt for lesarar frå 10 år og oppover.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

krim
9–12
9–12
9–12