Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Bente Bratlund: Fly, Thea! Fly!

Fly, Thea! FlyOpplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 21–27)

Thea er fosterbarn fordi mor hennar er for sjuk til å vere heime. Sjølv om familien ho bur hos er snille og greie, tenkjer Thea at ingen ting i livet varer. Ho vil aldri høyre til i latteren og praten til fosterfamilien.

Ein dag går Thea forbi ein plakat om ei kunstutstilling som skal vere på kulturhuset. Midt på plakaten er det eit bilete som ho ikkje klarer å sjå seg mett på. Thea har alltid likt å teikne, og no får ho veldig lyst til å gå på utstillinga og sjå meir på det spesielle biletet.

– Eg skundar meg bort til måleriet. Det er stort, og endå finare her enn på plakaten. Kvinna i den kvite kjolen svevar framover, som om ho vil ut av tåka og berre vil fram til lyset.

Etter utstillinga får Thea gå på målekurs, og no vaknar teikne- og måleinteressa hennar for fullt. Tankane får flyge høgt og fritt når ho held på med bileta sine. Fosterfamilien er til god støtte og oppmuntrar Thea til å halde fram. Det gjer også klassevenninna Mathilde, som likar å lese og skrive, og Joss på målekurset.

Fly, Thea! Fly er ei bok om det å finne sin eigen veg, om vennskap, draumar og framtidstru. Boka gjev håp til dei som kjenner seg igjen i Thea si historie, eit håp om at dei vil klare seg og få eit godt liv. Det er også ei fin forteljing om korleis det kan kjennast å vere fosterbarn, ein tankevekkjar for både born og vaksne. Språket er lett og handlinga har god flyt framover, noko som høver godt for born i alderen 9–13 år. Temaet og relasjonane i boka vert ikkje problematiserte, men er skildra realistisk og med ein sterk tråd av optimisme.

– Eg ser ned på arket. Lagar ein fugl til. Ein som enno ikkje har løfta vengene sine. Men det er like før. Han sit der, heilt, heilt klar.

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
9–12