Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Harald Nortun: Eksperimentet

EksperimentetAmund og Amanda er tvillingar. Amanda vart fødd først og er den som kastar seg ut i alt som er farleg. Ho kjeftar og ropar når ho spelar fotball, og driblar alle dei tøffaste gutane. Amund er meir stillfarande og roar folk ned før dei gjer for mykje gale. No skal tvillingane på ferie til besteforeldra på Sørlandet. På toget finn dei ut at dei vil byte namn og klede. Amanda skal bli Amund. Amund skal bli Amanda. Eksperimentet skal berre vare den eine kvelden, så dei får sjå om besteforeldra avslører spøken.

Dei har nettopp lagt seg den første kvelden då dei får uventa besøk av ungane i hytta på neset, Silje og Stefan. I det dei går ut på trappa for å helse på dei går det brått opp for Amund at han framleis har kleda til Amanda på seg. Og omvendt. Det er for seint. No må dei berre halde fram med å vere kvarandre.

I løpet av ferieveka vert dei godt kjende med Silje og Stefan, og saman kjem dei opp i mange situasjonar som gjer det freistande å avsløre spøken. Samstundes er det vanskeleg, fordi dei ikkje vil bli stempla som løgnarar. Dessutan er det litt morosamt også, det å få vere ein annan enn den ein er. Men kvifor er det slik at ein må gjere andre ting som gut enn som jente? Kvifor er det vanskeleg å berre gjere som ein sjølv vil?

Eksperimentet er ei spennande forteljing om ulike forventningar knytte til kjønnsroller og identitet, og kan fungere godt som diskusjonsgrunnlag mellom barn og vaksne.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
9–12