Marit Kaldhol: Zweet

ZweetDenne forteljinga blir sett i gang av ei dramatisk hending på ein ungdomsskule. Vi må eit godt stykke inn i boka før vi forstår kva dette dreier seg om, for i den første delen av boka misforstår vi ganske grundig i lag med ho som fortel. Ein farleg gasslekkasje frå eit industribygg i nærleiken, som gjer at kvitkledde menn må kome og hjelpe menneska på skulen ut, forstår Lill Miriam som ein terroraksjon der dei kvitkledde mennene bortfører alle elevane og lærarane med bussane sine. Derfor opplever ho det som at ho har vore heldig når ho har greidd å gøyme seg på loftet, og kan sitte der i ro og fred og tenke på bier.

Lill Miriam, Susan og Ruben fortel kvar sin del av historia, men det er Lill Miriam dei snakkar om, for Susan og Ruben sin del fordi dei ikkje veit kor ho er. Når det blir Susan sin tur, forstår vi fort at vi bør begynne å håpe at nokon snart kjem og reddar Lill Miriam, eller beistet, som Susan kallar henne. Hennar forteljing er prega av mange år gammalt dårleg samvit over kor slemme ho og venninnene har vore mot Lill Miriam. Det er uhyggeleg å høyre om det. Når vi så får Ruben si historie, kjem det ei stor temperaturendring, for han har redda Miriam, som han har fått lov til å kalle henne, og han har vore den einaste vennen hennar, og det blir mest ei forteljing om kor glad han er i henne.

Lill Miriam er altså oppteken av bier, og ho har veldig god greie på dei. Ho har ei vitskapleg og systematisk tilnærming til feltet, samtidig som ho lever seg veldig inn i biene si verd, og identifiserer seg med dei. Når ho sit slik og gøymer seg på loftet og snakkar biefakta med seg sjølv, oppstår det heile tida nye analogiar som vekslar mellom å lindre/roe og å pirke borti vonde og skumle tankar frå ulike tidsplan i Lill Miriam-livet. Gjennom å snakke om biene fortel Lill Miriam og kven ho er, og ho reflekterer over det å finne identiteten sin, som når vi får vite at det latinske ordet imago har desse to tydingane: «bilde eller fantasibilde av kjær person, også; fullt utvikla insekt.» Den viktigaste handlinga i boka er vel og avdekkinga av kven ho og dei to andre er, og det er gjort på ein så fin måte at det blir konstant spennande å lese.

Utdrag frå boka: