Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Christian Wiik Gjerde: Jakta på firkløveren

Jakta på firkløverenPå ei øy uti havgapet er det ikkje flust av leikekameratar, men Jens og Alvar har kvarandre. Dei er bestevenner og er saman støtt. Dessutan har dei Gulla som eig krambua, ho med det lilla håret, dei mjuke klemmane og den trillande latteren. Det er sommarferie og skulefri, og Alvar og Jens badar, leitar etter firkløver og drikk saft av «høghæla glas». Og ventar. Dei ventar på den nye guten som skal flytte inn i Kråkeslottet, og dei gler seg til å få ein ny leikekamerat.

Flyttebilen kjem, stappfull av ting og tang, og med tiåringen Magnus, far og bestefar. No må det berre bli trippelt så kjekt, tenkjer Alvar og Jens.

Det går ikkje lang tid før Alvar skjønar at det ikkje er berre-berre å skulle bli godvenner alle tre. Sommaren vert ganske annleis enn han hadde sett for seg. Det blir sjalusi, krangel og forviklingar. Alvar vil så gjerne ordne opp, men korleis skal no det gå til? Det er Gulla som set han på sporet:

– No må du berre finne den vesle helten du har inni deg, og stå i det. Du har ein jobb å gjere, det veit du vel?

Jakta på firkløveren er debutboka til Christian Wiik Gjerde. Det er ei sommarvarm høgtlesingsbok frå åtte år og oppover, ei ellevill og humoristisk skildring av livet på sørsida av Gulløya. Vennskap og uvennskap er hovudbodskapen, og det er vanskeleg å ikkje bli glad i karakterane i boka. Forfattaren skriv lett og ledig, og målar eit nært bilete av relasjonane mellom hovudpersonane. Dette er verkeleg ei godkjenslebok, sjølv om ho også til tider er ulideleg spennande.

– Det handlar om å be om unnskyldning og tilgi, Alvar. Ein skal ikkje gå rundt å vere bitter og sur. Livet er for kort til slikt tull.

Boka finst også som lydbok.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
9–12
6–9
9–12