Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Anders Totland: Engel i snøen

Engel i snøenOpplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 29–39)

Den kvite boka med blå, lette snøfnugg ligg godt i handa. Midt i snøveret er ein dobbel lyktestolpe. Eg tenkjer at stolpen er så høg og tynn og lurer på kvifor Rune Markhus har teikna akkurat dette på framsida. Så snur eg boka. Der er den same, høge tynne stolpen, men med ein medisinpose og ein lang slange hengande frå toppen, og teksten: «Det er vinter, og det snør, men ikkje alle er ute og leikar i snøen». Slik er livet, og slik er denne boka. Engel i snøen er ein vakker, lettfatteleg og sterk roman om kor brutalt og kontrastfylt livet kan vere. Men boka er også lågmælt og varm, og skildrar vennskap og samhald som lyser opp sjukehuskorridorane.

Vi blir kjende med hovudpersonen og faren hans/hennar. Vi får også treffe Silje som elskar å spele piano, og Leander som budde vegg-i-vegg, før han vart så frisk at han fekk reise heim. No er det Jonas hovudpersonen er mest i lag med. Jonas har ei mor som er prest og som vågar å stille dei store spørsmåla. Og som vågar å lytte til svaret. Hovudpersonen si eiga mor er død, og kanskje i himmelen. I alle fall hadde det vore fint om himmelen fanst, tenkjer han/ho. Faren meiner at alle menneske er som snøkrystallar. «Dei kjem liksom ut av ingenting og svevar gjennom verda ei kort stund, uendeleg vakre og heilt spesielle.»

Sjølv om dette er ei bok med eit stort vemod, er det også ei bok om omsorg og kjærleik. Det ligg mykje mellom linjene, som gjer at denne boka er eit godt utgangspunkt for å snakke saman om dei store spørsmåla. Boka tek døden på alvor, og likevel er stemninga så lett som snøfnugg. Denne boka vert ståande lenge, fordi ho tek unge menneske på alvor.

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
9–12