Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Margit Walsø: Kjære Voltaire

Kjære VoltaireLivet i Frankrike på 1700-talet er heilt annleis frå slik me lever i dag. Dette er historia om Émilie du Châtelet frå aristokratiet. Ho forelskar seg i Voltaire, som etter kvart vert den viktigaste forfattaren i opplysingstida. Sjølv er ho ei framifrå vitskapskvinne. Dei finst det ikkje mange av på den tida.

Émilie er kone og mor, men det meste av tida hennar går med til Voltaire. Dei bruker dagane på å gjere naturvitskaplege eksperiment og å skrive. Dei omset verka til Newton til fransk. Om natta set dei opp skodespel med og for venene sine. Ein periode bur dei saman på eit av slotta som ektemannen hennar eig. Borna hennar går på kostskule, og ektemannen er i krigen.

Émilie gjer som ho vil og klarer å leve akkurat det livet ho ønskjer seg. Likevel set ho det heile på spel, og det er då ho må setje seg ned for å skrive brevet som er boktittelen: «Kjære Voltaire».

Dette er den første boka frå Margit Walsø. Boka er basert på menneske som har levd og hendingar som har skjedd. Romanen er eit godt innblikk i ein viktig tidsepoke og gir eit spanande møte med folk som lever annleis enn me gjer i dag. Boka har berre 188 små sider, og treng difor ikkje ta så lang tid å kome gjennom.

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker