Heidi Furre: Ungdomsskulen

F275_Ungdomsskulen_Cover_300dpiRomanen Ungdomsskulen startar slik: «Pappa har vore borte i to dagar». Den forsvunne faren til Maja representerer den raude tråden i forteljinga. Kajakken hans er funnen velta, men han sjølv er ikkje funnen. Maja er hovudperson og forteljar i boka. Ho bur saman med mora si og stefaren Egil, ho tenkjer mykje på pappa, men dei snakkar lite om han. Kanskje han ikkje er død, han kan jo vere på ei aud øy? I grava på kyrkjegarden er han i alle fall ikkje. Majas tankar om pappa vender tilbake med ujamne mellomrom, det kan vere tunge tankar eller gode minne, men Maja hevdar alltid at ho har det bra.

Vi følgjer Maja og dei to veninnene hennar Maria og Pelle gjennom tre år på ungdomsskulen. Maria har gamle, strenge og religiøse foreldre og Pelle (Pelagia) har ein gresk far ho ikkje kjenner. Dei tre hovudkapitla i romanen heiter 8, 9 og 10 og viser til klassesteg. Forteljinga er elles bygd opp rundt kvardagslege episodar frå ungdomsskuletida. Handlinga er lagt til tida rundt tusenårsskiftet, men tidspunkt og stader er elles lite nemnt, og dette gjer historia meir allmenn.

Vi kjenner igjen mange av episodane i boka, og hugsar korleis det kunne vere å vere ungdomsskuleelev. Her er det pizza, ballbinge, laurdagsgodt og barne-tv på den eine sida og forelskingar det ikkje blir noko av, konfirmasjonsundervisning, skulking, forsøk med alkohol og veninnetrøbbel på den andre. Her er også utprøving av spiritisme, halvkjedelege feriar med lite å gjere, og sjølvsagt håplause foreldre og lærarar. Det hender ikkje alltid så mykje, men vi blir kjente med opp- og nedturane til dei tre jentene som ikkje alltid har sjølvtilliten på topp. Etter ungdomskulen planlegg dei tre jentene ulike vegar sjølv om det kan innebere endringar i venskapen mellom dei: «Eg trur der er riktig veg», avsluttar Pelle med.