Inger Bråtveit: Siss og Unn

siss_og_unnDet har byrja å skumre og det glitrar og blenkjer i havet. To vakre silhuettar sit tett i tett, som to skulpturar. Det er Siss og Unn, før det vert mørkt.

Siss og Unn er ein roman om to unge jenter som veks opp saman, og dei får eit tett, men også problematisk venskapsforhold fordi Unn etter kvart vert forelska i Siss. Denne ordlause beundringa fører til at Siss held avstand til Unn, ho er usikker på eigne kjensler og det vert for vanskeleg å ta tak i endringa i forholdet mellom dei. Romanen er ein moderne versjon av Is-slottet av Tarjei Vesaas. Der Vesaas er modernistisk i forma, er Bråtveit postmodernistisk. Teksten som fortel historia er plassert øvst på sida, medan nedst står det ei eller fleire setningar i kursiv, som fungerer som ein metakommentar, eller ein tilleggskommentar til hovudteksten. Døme på slike metakommentarar kan vere «Kva hjarta til Siss er laga av? Stål og fløyel er eit slikt jentehjarta laga av» eller «Når Siss lukkar augene ser ho henne føre seg: Unn ventar i regnet. Det dryp frå den lyse panneluggen hennar, og andletet er som opplyst, innanfrå.»

Det er ikkje is-slottet som fører til at jentene oppdagar kvarandre, men balletten og symjinga som dei held på med som fritidsaktivitet i ungdomsåra. Vatnet er sentralt utover i teksten og kan dukke opp i tankane som Siss har seinare: «Tida er inga linje, tida er vatn. Ein må dukka under for å sjå klårt, og det er kor lenge du er under og måten du stig opp or vatnet som fortel kven du er. Å! Det finst eit sug i alle overflater, i nokre andlet meir enn andre.»

Mykje av teksten handlar også om forholdet mellom døtrer og mødrer. Mummy Big er depressiv og tek all plass i huset etter at ho og dottera vert forlatne av faren. Dottera må gjere alt sjølv, og det er moster som kjem for å bu med dei som etter kvart ordnar opp, og skapar ein heim for dei. Mummy Big vert etter kvart kreftsjuk, kopla til oksygenapparat og ligg på sofaen eller i senga. Depresjonen har på sett og vis vorte dødeleg, og dottera vernar seg så godt ho kan frå mørkret som mora representerer. Mor til Siss er svensk og lengtar bort frå den trange Vestlandsfjorden der dei bur. Ho held fast i identiteten sin og snakkar svensk, nokre gongar snakkar også dottera svensk. Begge jentene er knytte til kvinner, meir enn til menn, for mennene er fråverande og dette fråværet er øydeleggande både for kvinnene og døtrene deira. Mangelen på menn fører også til at det er ein maktkamp som utspelar seg mellom mødrene og døtrene, og det er Unn som har det verst i forholdet til si mor: «Men som ei mor alltid vinn over si dotter, vinn vinteren over våren med desse enkle orda: Eg var her fyrst.»

Mora døyr, Unn er student i Bergen, og Siss flyttar til Stockholm. Det er Unn som tek initiativ og skriv eit brev til Siss, og då Unn besøkjer henne prøvar dei ut eit mogleg kjærleiksforhold. Men det ligg ei undergangsstemning i forsøket, og dei reiser kvar til sitt. Setningar som «regnet ligg klistra over glasrutene i slørete gardiner, og på bordet, i eplet, lengst inne i fruktkjøtet, har larvane byrja å dela seg» viser at Unn vil gå under i lengten etter Siss.

Det er mykje som kan tolkast i denne teksten, og det gjer at han kanskje vert krevjande for elevar. Likevel kan delar av teksten brukast i samband med Is-slottet for å vise korleis tekstar spelar på andre tekstar, korleis tematikken både er den same og vert fornya i denne romanen. Språket vil eg trekkje fram som lyrisk med vakre språkbilde: «Så sov innsida di ut! For kartet over innsida dekkjer alle tregrenser, høge fjell og hav. Sov og drøym så lenge at tvilen vert gløymsle og alle gråsonar turkar ut. Og det som står i vegen for deg, i døropninga, skal du berre gå rett gjennom eller rakt forbi». Språket har også innslag av svensk, engelsk, Elias Blix-salmar («Kvar frukt på treet kjennast må, men kan klunger gjera druva? So må den tru som sannrøynd er, at den læra du i munnen ber, må i din livnad sannast») og sitat frå James Brown og Britney Spears.

Forfattaren får fram den fortvilte lengten og einsemda som ein kjenner på når ein ikkje er elska nok. Boka fekk mykje merksemd og gode kritikkar då ho kom ut i 2008.