Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Ørjan Håskjold Nyland: Ørjans keeperskole

keeperskoleI samarbeid med Eirik Ingebrigtsen

Ørjans keeperskole er ei bok som høver godt for fotballinteresserte gutar og jenter frå åtte år og oppover. Dei er det mange av, og denne boka har potensial til å bli ein bestseljar for denne målgruppa. Boka har truleg også appell til eldre lesarar med keeper-ambisjonar. For sjølv om språk og utforming er tilpassa eit ungt publikum, er sjølve øvingane og tipsa aktuelle for alle.
Ørjan Håskjold Nyland (f. 1990) har vakse opp eit drygt utspark frå Ivar Aasen-tunet. Målmannen frå Morkabygda i Volda spelte for Hødd og Molde før han i 2015 vart henta til Ingolstadt i tysk Bundesliga. Dei siste åra har han også vore førstevalet som burvaktar på landslaget.

Nyland har altså eit svært godt grunnlag for å gi råd om kva som skal til for å bli ein god målmann. På omslaget til boka står berre hans namn, men på tittelbladet er medforfattar (og forfattarlandslagsspelar) Eirik Ingebrigtsen også med. Arbeidsfordelinga i skriveprosessen har truleg vore slik at Nyland har stått for det faglege innhaldet og Ingebrigtsen for sjølve skrivinga.

Boka inneheld først og fremst tips til born og ungdom om korleis dei kan bli ein god keeper. Men innimellom avsnitta med «reine» treningstips kjem forteljingar frå eigen karriere og nokre tekstrammer med fotball- og keeperfakta. Boka byrjar og sluttar dessutan med levande skildringar av korleis ein målmann tenkjer og handlar i avgjerande situasjonar i ein kamp.
Teksten er skriven i eg-form i eit enkelt og munnleg språk. Det er altså Ørjan sjølv som fortel, både om øvingane og om bakgrunn og karriere. Dette gir eit personleg preg som fungerer godt.
Boka er høveleg stor, med knappe 100 til dels svært luftige sider. Bladbunaden er ryddig og fin med mange store og gode bilete. Dei fleste bileta er tinga av forlaget som illustrasjon til øvingane, men det er også tatt med ein god del bilete frå verkelege kampsituasjonar, m.a. frå cupfinalar og landskampar.

Samlaget har gitt boka den målformnøytrale tittelen «Ørjans keeperskole». «Ørjans målmann-skule» ville sjølvsagt ha gitt eit lite dobbelbotna poeng til glede for nynorskpuristane. Men i mål(!)gruppa er nok «keeper» desidert mest brukt, så her har forlaget valt rett. At teksten elles er på nynorsk, vil dei unge lesarane truleg ikkje reagere på, anten dei bur i nynorsk- eller bokmålsland. Det er jo akkurat slik keeperhelten Ørjan snakkar!

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
3–6