Rune Belsvik og Kari Stai: Fuglen

Mo og Unn får auge på ein måke. Han står der heilt roleg, midt i vegen. Sjølv ikkje trailersjåføren klarer å jage han bort. Han køyrer rundt i staden. Dette må vere ein heilt spesiell måke, tenkjer Unn og Mo. Dei går nærmare for å sjå han betre, og då måken tek til å trippe av garde, følgjer dei to etter han.

Fuglen er ein del av Leseløve-serien. Boka har eit enkelt språk og ei nærast poetisk handling. Kva er det som gjer at Mo og Unn ikkje klarer å la vere å følgje etter fuglen? Handlar det berre om måken, eller kan det vere at det rett og slett er så fint å vere to venner med ein felles plan?