Agnes Ravatn: Folkelesnad

folkelesnadKva er det med Agnes Ravatn og den salte pennen hennar? Essaysamlinga Folkelesnad kom ut i 2011, og fortener klassikarstatus i skildringa av vekepressa og lesevanane til nordmenn. Samlinga er inndelt i kapittel som tek for seg ulike typar blad: interiørblad, kvinneblad, jakt, fiske og friluftsliv, mammablad m.m.

Her kan du le høgt frå første side, for Ravatn kommenterer og filosoferer aktivt over framsider og innhald, faste spaltar og merkelege intervju og over kva som kjenneteiknar dei ulike vekebladsjangrane. Og det er mykje ein kan raljere over i vekepressa når ein er ein humorist som Ravatn.

I essayet om kvinneblada kallar Ravatn KK for den uskikkelege Pisken i kvinnebladverda, for KK frontar motebutikkar, kafear, treningstudio og uendeleg mange sexpartnarar i motsetnad til «dei tre resignerte blada» Hjemmet, Allers og Norsk Ukeblad. Karakteristikken av kvinneblada som fordummande og einsidige vart debattert då boka kom ut.

Agnes Ravatn er ikkje berre opptatt av å kommentere vekeblada, men ser dei i samanheng med tendensar i samfunnet. Ho skriv til dømes at talet på interiørblad har eksplodert, og at dette heng saman med at vi brukar 53 milliardar på opp-pussing i Noreg – kvart år. Slik vert hennar møte med vekepressa ikkje berre eit privat møte, men eit møte med det storsamfunnet som vekepressa speglar.

Alle får gjennomgå: babyblad som framstiller graviditet på ein måte som gir lesaren angst i ni månader, og mammablad der modellane er påhengt babyar som accessoirar lik ei brosje eller veske. Ravatn balanserer ironien med å vere sjølvironisk. Eit døme på det finn vi nettopp i mammablada der Venke Knutson vert intervjua og viser seg å ha eit noko slapt regime på vesle Vilma, meiner Ravatn, og tenkjer at med eigen baby skal ho stå opp klokka 6 og starte dagen med svart kaffi, havregraut og trening av samsvarsbøying av sterke verb. Det er viktig å halde fast ved eigne verdiar og interesser sjølv om ein har fått barn, og ikkje måtte «miste seg sjølv». Og ho harselerer over kontaktannonsane i Vi over 60, som er fulle av presise kroppsmål og som dessutan er så dyre at minstepensjonistar må ete kattemat i vekesvis for å kunne setje inn ein ørliten kontaktannonse. Elles er bladet sjukeleg opptatt av helse (eller det meir negativt ladde ordet sjukdom) og mengder med jus (arveoppgjer, umyndiggjering m.m.). Ravatn kjem fleire gonger inn på kvinnesynet til blada og skriv syrleg om den uendelege mengda med skjønnheitråd: «Eitt av ‘trylletipsa’ i Det Nye er å leggje eit lag med mørkt pudder langs hårfestet, dette vil skape ‘inntrykk av lavere panne’. Eit skjønnheitsideal!» I tillegg til desse bladsjangrane skriv Ravatn om pornoblad, mannfolkblad, jenteblad og alternative blad, og det er sjølvsagt – heldt eg på å seie – nok å harselere over.

Boka er ei essaysamling, og ho kan med fordel brukast i skulen. Vekeblad har dei fleste elevar eit forhold til, og dei vert truleg meir medvitne om dei ulike bladsjangrane etter å ha lese nokre av essaya til Ravatn. I tillegg får dei seg ein god latter!

«Dersom du er veldig oppteken av bustad og interiør, må det anten kome av at livet ditt er heilt tømt for innhald, eller at det er så fylt opp med negativt innhald at du desperat prøver å tenkje på noko anna».

Ravatn gjer meg godt, kjenner eg, og tematikken er framleis sørgjeleg aktuell, dessverre.