Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Fantasiboka

Det var ein gong eit heilt vanleg hus som låg i ein heilt vanleg skog. Der budde det ein gamal og gråhåra mann. Mannen var forfattar og hadde skrive bøker heile livet. Då han var ung, hadde han hatt mange venner, og saman hadde dei reist verda rundt på jakt etter eventyr. Derfor var bøkene hans fulle av snakkande pappegøyar, dansande slangar og flygande esel. Alle vennene hans vart sprø som kjeks, og dei hadde klatra opp dei brattaste fjell, ridd på krokodiller og overnatta i toppen av dei høgaste trea dei kunne finne.

Slik startar første eventyret i Fantasiboka, den femte og siste boka i serien med nyskrivne nynorske forteljingar. Sidan første utgivinga i 2007 har desse antologiane etter kvart blitt klassikarar og samleobjekt i mange hus.

I denne boka har forfattarane gått vekk frå dei kvardagslege forteljingane og lagt historiene til univers fulle av underlege fantasivesen. Språket er rikt og detaljert, og dannar rammene for spennande og humoristiske forteljingar for heile familien. Bøkene fungerer både til høgtlesing og sjølvlesing.

Her blir du kjent med Knurrebakkedinken og Grublebakkedinken, Rosa og einhyrningsdraken, Vesle som får sjokk når han møter eit menneske på butikken for første gong, Moggo som sluker og knuser alle gleder han kjem over, og mange fleire.

Bokserien er illustrert av Gunvor Rasmussen, som for første gong også har bidrege med ei av forteljingane i boka. Dei fantastiske og fargerike bileta er eit kunstverk i seg sjølv, og tilfører historiene eit eventyrleg perspektiv. Karakterane i boka kjem til live gjennom dei innhaldsrike teikningane og gjer boka meir tilgjengeleg og spennande for dei aller minste òg.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
3–6
6–9
Frost
3–6