Russel Punter og Christyan Fox: Sjørøvarhistorier

I denne boka finn du tre korte forteljingar som kan lesast som sjølvstendige historier: Ein plagsam papegøye, Kaptein Spiss og Den maskerte sjørøvaren. Tekstane er korte og overkomelege å lese, med ikkje stort meir enn sju linjer tekst på kvar side. Illustrasjonane er humoristiske og står godt til dei vitseliknande forteljingane.

Ein plagsam papegøye: Det er ikkje så lett å vere fersk pirat når papegøya di skrik «stopp tjuven!» når du prøver å gjere jobben din. Sigurd Sjøbein må finne ei løysing på problemet med den plagsame papegøyen.

Kaptein Spiss: I denne spennande og fartsfylte forteljinga møter vi Molly, dottera til Brynjulf Brisling. Ho vert teken til fange av Kaptein Spiss og piratgjengen hans. Vi får bli med på den dramatiske reisa og sjå Molly som heltinne til slutt.

Den maskerte sjørøvaren: Sam Sardin har så lyst til å bli sjømann og kjempe mot piratar, men han er dessverre ikkje særleg flink. Ein dag kjem Maskepiraten og ror av garde med skatten til Kaptein Vinkel, og då er det Sam Sardin som tek saka.

Utdrag frå boka: