Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Asbjørn Rydland: Galderstjerna

galderstjernaOpplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 29–35)

Asbjørn Rydland demonstrerte med den prisvinnande bokserien om Drakeguten at han kan kunsten å skriva god fantasy. No har han byrja på ein ny serie, Vegandi, og fyrste boka har fått tittelen Galderstjerna.

Hovudpersonen Eirik er skuleelev og speler mykje dataspel med venene Khalid og Maria. Etter ein serie med merkelege hendingar vaknar han opp med eit runesymbol på brystet – same symbol som han finn i dataspelet han held på med. Før Eirik veit ordet av det, er han rota inn i store hendingar som involverer parallelle dimensjonar, vikingar, teknologi og magi … og gudar som ikkje ser med velvilje på ein tenåring som blandar seg inn i sakene deira.

Rydland formulerer seg slik at språket både skaper stemning og driv handlinga framover. Boka er heile tida spanande og vanskeleg å leggja frå seg, men lesaren får likevel tid til å la seg fascinera av omgjevnadene i fiksjonsuniverset Rydland byggjer opp.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker