Anna Gavalda: Livet, til det betre

Denne romanen handlar om tre menneske i Paris. Dei er i tjueåra, og dei har det til felles at dei opplever hendingar som gjer at dei må tenkje på nytt om eige liv. Romanen er delt inn i tre forteljingar på om lag 100–120 sider kvar. Mathilde er den første vi vert kjende med. Ho er 24 år, kunststudent og rappkjefta: «Hadde vore klokare av meg å få ferdig (få begynt på) masteroppgåva (…) eller få tenkt litt på framtida mi, meg sjøl, økonomi og pensjonspoeng, men dessverre, eg mista trua på akademia ein plass på vegen, og alt eg tenkjer på, er å leve livet, right on, utan skisser og disposisjonar. Sia alt er juks og bedrag … Sia alt er berre kommentarar… Sia polane smeltar, og bankane endar opp med full erstatning, og bøndene henger seg på låven og dei fjernar offentlege benkar så dei heimlause ikkje skal setje seg … Hæ? Skulle eg plage meg sjøl med å slå ned teltpluggane, liksom, i ein sånn verden?»

Men så forelskar ho seg, og då er det sjølvsagt i ein mann ho aldri kunne tenkje seg å falle for. Første gong ho møter han, beskriv ho han på denne måten: «føkk tabbe igjen han er stygg han er tjukk han har virvel han er bondsk i kleda han barberte seg rett før han gjekk og skar seg to gonger han bit negler han luktar rart». Men det som likevel imponerer henne, er at han ber om å få møte henne for å levere tilbake veska hennar, som ho gløymde på ein kafé. Det er nesten ubegripeleg at folk kan vere så ærlege, synest ho. Dessutan veit han sikkert om alle løyndommane hennar, sidan han har hatt moglegheit til å sjå grundig gjennom heile veska hennar, meiner ho.

Dei andre historiene, om Yann og Billie, let eg ligge i denne samanhengen. Språket til forfattaren (omsett frå fransk til nynorsk ved Tove Bakke) er friskt, bilderikt, anekdotisk, munnleg, rått, lyrisk, ungdommeleg, heseblesande og mykje meir. Innimellom kan Mathilde ha eit lyrisk og romantisk sinnelag når ho skildrar byen Paris: «Ho måtte beundre den forførariske måten byen hennar strekte lemmane sine på i morgondisen, frekt og halvt lukka, lengtande og lokkande på ein gong, ein by som ho, øydelagd av søvnmangel, alkohol, og den anonyme melankolikarens raudsprengde og sårkanta kaninauge, for lenge sidan hadde slutta å sjå, og som like fullt, same kva folk sa, og same kva dei gjorde, var vakker og klar som dagen.» Andre gongar har ho eit langt meir munnleg vokabular: «Eksempel: verksemda syperyoyo.com produserer og sel megabra jojoar, men saiten deira er megaharry – nei vel, så sjekk alle dei ubehagelege kommentarane som er lagde ut, posta, droppa, delte, blogga, catcha, spotta, trolla, tvitra, poka, tagga, requesta, instagramma, boarda, dislaika, delola eller chatta der og der og der (…).»

Det går an å konsentrere seg anten om den eine historia eller om alle tre. Den boblande kreativiteten i språket er det mest iaugefallande med teksten. Eit utdrag frå romanen kan vere utgangspunkt for ein samtale i klassen om korleis ein kan bruke språk og teiknsetjing til å karakterisere personlegdommar. Ein kan også diskutere om tekstane er tre lange noveller, eller om romanen er ein kollektivroman. Livet, til det betre handlar i stor grad om at ein kan møte menneske som ein i utgangspunktet ikkje legg merke til, men som likevel fører med seg ei positiv endring.

Boka finst også i lydbokutgåve.

Utdrag frå boka: