Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Marit Kaldhol: Z for sorry

I Z for sorry held Marit Kaldhol fram med å skrive om nokre av ungdommane som vi møtte i den kritikarroste romanen Zweet (2015).

I den nye romanen møter vi att Susan, og ho har vorte utsett for ei ulukke. Eller er det eigentleg ei ulukke?

Vi møter Susan i senga på sjukehuset. Kvifor ligg ho der? Forteljaren held tilbake mykje informasjon om kva som har skjedd med Susan, og motivasjonen for å få ei forklaring på sjukehusopphaldet driv lesaren vidare i forteljinga. Gradvis vert historia om henne rulla opp. Forteljinga vekslar mellom fortid og notid, og slik vert det ein samanheng mellom dei to romanane Zweet og Z for sorry. I Zweet var Susan ein av dei som mobba Lill Miriam, ei jente i klassa. Og vi får vite at Susan vart utestengd av den gamle veninnegjengen etter at ho snakka med rektor om mobbinga. Det er over eit år sidan, men framleis er ho ikkje tilgitt: «Vi snakkar ikkje med slike som deg», skriv ei av dei på sms. Dei som seier frå, kan sjølv verte utsette for mobbing.

Sjølv om ho flyttar på vidaregåande for å gå på danselinje, endrar ikkje livet hennar seg. No er det ho som vert den som er utestengd frå klassemiljøet. Ein kan ane at det er mykje konkurranse mellom jentene på danselinja, og at dei ikkje toler at ho er så flink som ho er. Kaldhol får fram eit viktig poeng om at ein som er ein mobbar i ein samanheng, kan verte eit offer i ein annan. Er det jentene i danseklassa som har skada Susan?

I byen vert ho gåande mykje åleine på kveldstid. På ei av vandringane sine møter ho ein som gjekk på den tidlegare skulen hennar, Zlatan. Han som mishandla kattar i friminutta. – No veit eg kor du bur, seier han. Er det han som har skada Susan?

Vi får vite meir om bakgrunnen til Susan, først og fremst foreldra: mora som pressar henne, det ulukkelege ekteskapet. «Mamma ropte høgast og lengst. Ropa hennar likna skrik frå svoltne måsar. Pappa si stemme var svart som størkna blod.» Men sjølv om Susan har opplevd krangling, og at ho ofte vert valt bort av mora, er det ikkje ho som har det verst. Det er Zlatan, som veks opp delvis hos ein alkoholisert far. Hatet hans mot foreldra og fortvilinga over sin eigen livssituasjon vert tatt ut på destruktive måtar.

Teksten vekslar mellom å vere nokre setningar øvst på sida, til å vere heile tekstsider. Synsvinkelen ligg hos Susan, som på mange måtar er ein kunstnarsjel: «Nokre gonger forsøkte eg å danse formasjonane i kartboka. Sør-Amerika balanserte på eine tåspissen. Høgt tyngdepunkt. Dei grøne landområda hadde våt varme i seg. Blanke regndropar sklei langs grasstrå, sokk ned i jorda, gøymde seg i henne. Eg dansa regndropane òg.»

Av og til er teksten forma som dikt, og dikta hentar motiva sine frå himmelrommet:

å vere ei stjerne
i vrimmelen
på himmelen
å vere den eine
ein brann i universet
når nokon kjem
vender ansiktet
akkurat hit
akkurat no
seier: hei, eg ser
deg
her
i natt

Teksten er lettlesen, men samstundes løyndomsfull, fordi bakgrunnen for ulukka vert lenge skjult i forteljinga. Men ein kan tenkje at dette forteljargrepet passer godt for aldersgruppa romanen vender seg til? Tenåringslivet er ofte fullt av løyndommar, og ofte kjem dei ut delvis eller etter lang tid. Nokre gongar er løyndommane for store og alvorlege til at ein kan ha dei for seg sjølv. Heldigvis finst det hybelvertar som bryr seg, slik det er i denne romanen.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker