Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Lars Mæhle: Jag är Supermann

Opplegg til boka:
Nynorsksenteret.no:
Undervisingsopplegg til boka

Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 37–47)

«Jag är Supermann» står det på t-skjorta til Bjørn, og det har blitt tittelen på novellesamlinga til Lars Mæhle. Men Bjørn er langt frå Supermann, og slik er det også med dei andre ungdommane vi møter. Novellesamlinga inneheld fem noveller av ulik lengde, og sjølv om dei er sjølvstendige forteljingar, møter vi fleire av personane igjen i fleire noveller. Alle hendingane går føre seg på Sunndalsøra ein måndag om sommaren.

Bengle er ein gjennomgåande figur der han rånar rundt i den brune audien sin. Han har høyrt om ei svensk jente som skal vere komen til bygda, og spør alle om dei har sett ho. Samstundes åtvarar han mot ein rømling han meiner har stole ein bil. Bengle er dessutan leverandør av øl til alle som ikkje kan kjøpe øl sjølv. Denne kvelden skal det vere fest hos Eskild.
Eskild og Bjørn skal begynne på vidaregåande, og dei finn ut at dei skal oppsøke den svenske jenta som har sommarjobb som jordbærplukkar. Ho vil ikkje seie kva ho heiter, men dei skjønar at ho er eldre enn dei er. Ho foreslår at dei skal bade. Det er iskaldt og straum i elva, og badinga går ikkje som planlagd. Den svenske jenta blir tatt av straumen, og dei to gutane spring langs land for å nå ho att. Dei får til slutt redda ho opp og blåse liv i ho.

Aya og familien er komen frå Aleppo, og ho skal få sitt eige rom. Sjølv om alt er stille og fredeleg på Sunndalsøra, kjenner ikkje Aya seg så glad som ho synest ho burde ha vore. Farfaren hennar er også med, men han er svært gløymsk og forsvinn. Dei må leite etter han, og Aya blir plukka opp av Bengle som seier han har sett farfaren. Aya er redd for kva som kan skje, men farfar er viktigast. Dei finn han på ein benk på kaia. Farfar kjenner seg ikkje igjen, og kan ikkje skjøne at han ikkje er i Aleppo.

Anders drøymer om Marianne, og vaknar av ein krafselyd frå avløpsrøyret der ein fugl er fast. Han stikk av frå jordbærplukkinga, og blir med Marianne til helseheimen der ho skal vere besøksven. Anders melder seg også, og kjem inn til sure og tverre Tobiassen. Dette trur ikkje Anders han kjem til å klare, han ville berre ha ein kjærast.

Den fine sommardagen er også gravferdsdagen til veslebroren til Karl. Han blei 14 år. Karl skal halde tale, og han fortel ærleg om at broren ikkje har vore snill, men hatt mykje uro i kroppen, og at broren sjølv valde å hoppe utfor fjellhylla. Men det er ikkje sant. Karl fortel mora at broren fall, og at Karl ikkje hjelpte han sjølv om han kunne. Mora formanar Karl om aldri å fortelje dette til nokon.

Ulla, den svenske jenta, er sendt til Sunndalsøra for å kome seg bort. Ho har hatt psykiske vanskar lenge. Tuva med det lilla håret er også sendt til Sunndalsøra for å kome seg bort frå eit belasta miljø i Oslo. Ho er ein lommetjuv, og stel lommeboka til ei av dei ho skal arbeide saman med på sommarjobben. Ho blir invitert til festen hos Eskild, der samlast ungdommane vi har møtt i boka. Tuva og Stian forlet festen, bryt seg inn i ei campinghytte og blir der om natta. Neste morgon går Tuva gjennom skogen, og ho finn ein bil. Så treffer ho han som må vere den omtalte rømlingen. Dei ser på kvarandre, han blir ståande og ho går vidare. Ho er like mykje rømling som han, og begge veit at ingen kjem til å seie noko.

Ungdommane i novellesamlinga er rømlingar på ulike vis. Mange kjenner seg utrygge på kven dei er og kva dei vil. Og dei drøymer om å treffe ein kjærast eller kome seg bort frå bygda.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker