Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Mette Karlsvik: Mørkerom

Eg-personen, ei jente, skriv til eit du som vi forstår er faren hennar. Ho skriv med utgangspunkt i bilete funne i eit gammalt album. Mange er familiebilete, og ein kan følgje farens liv frå han var liten gut, tenåring og vaksen. Fotografia fortel historier, og jenta diktar vidare og legg til historier, tankar og kjensler til dei fotografia ho ser på.

Dei bileta og førestillingane ein har i hovudet er betre enn dei verkelege bileta. Kvart kapittel i boka er som skildring av eit fotografi eller ein situasjon, og tittelen Mørkerom får ei dobbel tyding.

Tilvisingar til det som hender i eit mørkerom, er det mange av: «Sjokket er ein framkallar. Sorga fikserer sjokket, festar det til hud og hår som farge og liner». Blendaropning og lukkartid, overeksponert og underframkalla, negativ og positiv, svart og kvitt, lys og mørke er ord som blir brukte som assosiasjonar i nye samanhengar. Men vi får også nøyaktige og detaljerte skildringar av det som går føre seg både når ein fotograferer og under framkallingsprosessen i eit mørkerom. Eg-personen identifiserer seg meir og meir med både faren og kameraet. Jenta har eit nært og varmt forhold til faren sin, ho lengtar etter han når han er borte.

Her er også forundring over det som reint fysisk skjer når eit foster utviklar seg. Eg-personen fabulerer over celledelingas under, mors og fars genar som blir førte vidare: «Celler deler seg, kviler, deler seg igjen. Eg deler meg, samlar meg og deler meg igjen. Eg har ikkje tid til å vente, kvile, men har det travelt med å bli menneske, bli fødd, vekse til og døy» (s. 32).

Forteljinga er lagd til Nord-Vestlandet der faren er ein flygeleiar som arbeider altfor mykje. Ei celle veks og deler seg i levra hans, han blir trøytt og slapp og uroleg, og ein dag kjem han ikkje opp av senga. Faren blir stadig dårlegare, og eg-personen som er student i Glasgow, får melding om å ringe heim.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker