Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Erna Osland og Anna Fiske: Vaken? Ei godnattbok om dyr som ikkje søv om natta

Vaken? er ei fagbok om nattaktive dyr. I kvart kapittel møter vi ei forteljing om søskenparet Bustebror og Bæret, etterfylgt av ein faktatekst. Bustebror og Bæret dreg på oppdagingsferd på nattetid og får auge på mange ulike dyr. Gjennom turane deira i hagen, skogen og fjøra får lesaren kunnskap om det Bustebror og Bæret ser.

Boka startar på soverommet til Bæret ein kveld. Ho ligg i senga, men får ikkje sove. Det er så rare lydar ute i hagen. Undrande listar ho seg til vindauget. Ho vil sjå kven som går og luskar i hagen og forstyrrar nattesøvnen. Ho får auge på eit dyr med spiss snute og ein lang og bustete hale med kvit tipp. Reven står og gneg på ei pølse som ligg att frå middagen ute ved grillen. Reven forsvinn brått når han oppdagar Bæret som kikar på han gjennom vindauget.

Bæret er svært nysgjerrig på reven og er fast bestemt på å få sjå han igjen. På stadig leiting etter reven oppdagar Bæret og Bustebror alle dei store og små dyra som vaknar til liv på natta, og lesaren får saman med dei oppleve og lære mykje spennande om livet som utfoldar seg medan vi menneske søv.

Kvart oppslag har fleire store illustrasjonar med rikt innhald. I nokre av bileta får lesaren sjå og vite meir enn Bustebror og Bæret. I kapittelet Nebb i natta ser vi til dømes reven luske i skogen medan Bustebror og Bæret er på leiting etter han med lommelyktene sine. Lesaren ser at reven er like ved, men Bustebror og Bæret lyser i feil retning og ser han ikkje. Vi ser òg andre dyr og insekt som Bustebror og Bæret ikkje har oppdaga enno. Slike innslag gir ein attkjenningseffekt av det å ikkje alltid vite kva som lurer i mørket, og ei auka kjensle av spenning.

Vaken? Ei godnattbok om dyr som ikkje søv om natta er ei god bok for barn og unge som ynskjer å lære meir om livet i naturen. At boka kombinerer fag- og skjønnlitterære tekstar, gjer innhaldet meir tilgjengeleg for lesarar på ulike nivå.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

6–9
9–12
9–12
9–12