Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Anders Totland: Så lenge ingen ser oss

Så lenge ingen ser oss handlar om Jon som bur i lag med mor si. Jon sine omgjevnadar er utrygge i ein heim prega av alkohol og uro. Plutseleg ein søndagsmorgon står Ole på kjøkenet. Ole er annleis. Han lagar mat, ryddar i huset, brukar tid i lag med Jon og gjer mor til Jon glad att. Etter ei stund blir mor til Jon gravid, og Jon blir storebror til Lukas.

Ein dag spør Ole om han og Jon skal reise på campingtur. Dei fortenar det, litt kvalitetstid. Men Jon oppdagar fort at Ole ikkje er som vanleg når dei er berre dei to.

Det knitra i bildekka då me køyrde heimover. Tette trestammar blafra forbi. Eg kjende korleis det dunka bak panna.

– Me fortel ikkje mamma om det i går? Ole kasta eit raskt blikk bort på meg før han såg framover igjen. Det var noko uvant i ansiktet hans. Noko usikkert.

– Nei, me seier det ikkje til mamma, sa eg.

Ho hadde fått heilt hetta om ho fekk vita at eg hadde kasta opp på det eine pleddet. Det var dei små tinga som var viktige for mamma. Sjokolade som forsvann frå kjøleskapet, pledd som blei skitne. Sånne ting. At eg drakk sprit og knapt hugsa korleis eg kom inn i teltet, hadde ho neppe brydd seg om.

Med korte setningar og enkelt språk med fin flyt fortel Totland ei opprivande historie om seksuelle overgrep. Så lenge ingen ser oss er omtala som ei lettlesen bok, men ho har på ingen måte eit lett innhald. Det er mykje som står mellom linjene, og mykje er ope for tolking. Totland navigerer lesaren gjennom eit utfordrande landskap og formidlar temaet med omtanke. Utover i forteljinga blir dialogen mellom karakterane meir direkte, overgrepa tydeleg skildra og lesaren sit att med eit klart og smertefult bilete av situasjonen. Samstundes har forteljinga ein open slutt, og lesaren får ikkje eit endeleg svar på korleis det endar for alle involverte.

Så lenge ingen ser oss er knalltøff lesnad om eit vondt, men viktig tema. At Totland vel å fortelje historia frå offeret sitt perspektiv, gjer at ein som lesar kjem tett på hovudkarakteren og misbruket han blir utsett for. Skildringane kjennest på kroppen og kjenslene set seg som ein stein i magen.

Totland har skrive 110 innhaldsrike sider, og trass i ein ubehagelig tematikk trur denne formidlaren at det er viktig for barn og unge å sjå at dette vågar vi vaksne å prate om. Det å teie om misbruk ligg som ein raud tråd gjennom heile forteljinga, og boka adresserer den kneblande frykta offera har for ikkje å bli trudde.

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
ungdomsbøker