Martine Grande: Tapar

Dyra i skogen konkurrerer stadig mot kvarandre i symjing, klatring og springing. Dovendyret Dag kjem alltid sist, og no er han lei av det. Han vil også ha medalje, og legg seg i hardtrening.

Det handlar om å vinne. Og om å tape. Men kva betyr eigentleg det, og handlar det også litt om korleis vi ser på oss sjølve?

Martine Grande er forfattar og illustratør. Det grafiske formspråket i boka utfyller teksten, og omvendt.

Leseland, nivå ein.

Utdrag frå boka: