Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Anne Karin Fonneland og Akin Duzakin: Flyg ut kom tilbake

Diktet glid stille som ormen sin veg.
Ser skyer over åsen,
merkar dyra sine hi.
Veit reven sin sti over berget.

(Utdrag frå diktet «Det vi kanskje ikkje ser»)

I Flyg ut kom tilbake har Anne Karin Fonneland skrive ei fin diktsamling for barn i barneskulealder. Med naturen i fokus har dikta eit innhald lesaren kan kjenne seg att i og som gir ei kjensle av tilhøyrsle. Dette gjer dikta tilgjengelege for yngre lesarar.

Fonneland rettar eit vakkert og stemningsfullt blikk på skapningar og element på land og i vatn som dei fleste av oss har ein kjennskap til, og vier stor plass til desse. Fonneland gir også sjellause element menneskelege eigenskapar, og «diktet» blir personifisert og opptrer som subjekt i nokre av dikta. Akin Duzakin har teikna dei vakre illustrasjonane i boka, og med sine duse fargar og forteljande eigenskapar står dei sterkt som støttande komponentar til teksta.

Dikta er fine utgangspunkt for samtale i klasserommet om til dømes språklege bilete og verkemiddel.

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
9–12
9–12
dikt