Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Olaug Nilssen: Tung tids tale

«Du heiter Daniel. Du er ein sterk gut på ni år. Eg heiter Olaug. Eg er ei stor dame på snart førti.»

Slik er utgangspunktet for romanen Tung tids tale, ei mor som skriv til eit du, ein son med autisme. Mora skriv om fortvilinga over å ikkje strekke til, å vere utsliten og søvnlaus og kor vanskeleg det er å akseptere at guten har ein diagnose. Det er også vanskeleg å akseptere at sonen ikkje lenger er slik han var, og ho tenker fram det ho hugsar at han kunne før, og det er ei stor sorg at han ikkje er slik lenger.

Ho skriv også om kor vanskeleg møtet med psykologar og anna helsepersonell har vore, ho føler at dei ikkje forstår verken ho eller guten. Mora opplever at ho ser sonen sin på ein annan måte enn dei som berre observerer i korte glimt. Ho tenker at ho sjølv er ressurssterk, men ho tviler på at dei ho møter, ser ho på den måten. Nilssen skildrar veldig godt denne opplevinga av å ikkje bli forstått, og ho skildrar også eit svært tungrodd hjelpeapparat der det verkar umogleg å nå fram.

Ho må handtere ein utagerande unge som slår og stikk av, og som også puttar alt han finn inn i munnen. Det er harde tak, og det kjem ein snikande tanke om at mora ikkje lenger kan vere aleine med han. Nilssen skildrar basketak og angst og å alltid vere på vakt. Når naboane klagar over lydar om nettene, fører det til meir angst. Mor og son har begge eit stort raseri, og for mora blir det til eit nyttig raseri som kjem fram i dei skriftlege klagene og i konkrete spørsmål i møte. Ho må også takle at folk ho møter, velmeinande seier: «Det er vel slik at ein blir meir glad i dei ungane som er annleis?» Mora tenker innimellom at slik er det ikkje, og blir irritert over denne utsegna ho stadig møter.

«Du må berre stå i det» er ei anna utsegn mora har fått høyre, ei utsegn ho først irriterer seg over, men ho innser at ho faktisk ikkje har anna val enn å halde ut. Både sonen og familien treng hjelp nå og i tida som kjem. Sjølv om det meste verkar håplaust, kjem kjærleiken til sonen også fint fram. Dei har gode stunder saman i bilen. Då høyrer dei på musikk og syng saman, og av og til kan det bli ei form for samtale. Situasjonen er under kontroll der sonen sit fast i setet sitt, verken han eller mora kan gå ein annan stad.

Tittelen «Tung tids tale» låner ho frå det kjente diktet av Halldis Moren Vesaas som startar slik: «Det heiter ikkje: eg – no lenger. Heretter heiter det: vi». Det er ein god og talande tittel på romanen, men framfor alt har Olaug Nilssen skrive ein viktig roman.

Boka finst også som lydbok.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker