Sigrid Hesjevoll: Naudsynt happy ending

«Av og til går ljoset. I hovudet. Tankane. Hjarteslaga.»

Naudsynt happy ending er ei mørk og humoristisk kortprosasamling om Anna som har mista heile familien sin. Anna famlar i mørket og vil ut «Og samle så mange ljospærer som famnen kan halde». Ho vil ut og sjå kva som skjuler seg bak støvlaget på globusen. Ho har mista seg sjølv, no vil ho prøve å finne seg sjølv. Ho kjøper ein sekk og testar han ut med ulik bagasje: Klede, to par sko, sammale mjøl. Solkrem og kart i topploket. Vassmelonar og blomejord.

Anna bur i blokk. Der bur også bestevenninna Gjertrud som er 83 år og 56 år eldre. Gjertrud legg golvfliser i ulike fargar, går på pub saman med Anna kvar onsdag og vil etablere seg på nytt når ho blir 84. I same blokka bur Johns som er forelska i Anna og framleis sørgjer over katten sin, fire år etter han døydde, ping-pong-spelaren Halvor som Anna smugkikar på gjennom vindauget når han er ute og spring og Niels Halsen i etasjen over som rasar gjennom golvet og ned i stova til Anna ein dag han ligg i badekaret.

Tekstane i boka er korte og kompakte. Nokre går over eit par sider, nokre har berre eit par linjer. Dei er fullspekka med refleksjonar, handling, absurde reiseminne og møte med ulike menneske i ulike land. Likevel er der ein samanheng.  Forteljingane, personane og handlingane er vovne saman til ein heilskap som munnar ut i ei happy ending mot slutten.

Fleire av tekstane kan fint lesast og arbeidast med frittståande. Mange av dei korte tekstane har eit lyrisk uttrykk, og det blir brukt språklege verkemiddel som til dømes fargar, symbol, metaforar, ordtak, allusjonar og intertekstualitet. Det blir vist til hendingar, trendar og karakterar i vår eiga samtid, noko som gjer at ein innimellom vil google for å forstå innhaldet betre.

Naudsynt happy ending er debutboka til Sigrid Hesjevoll. Ho har også gitt ut boksingelen «Manual for betre dagar» som Erlend Loe omtalar som svært morosam på Twitter-kontoen sin.