Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Visste du at …?

Tre nye faktabøker om husdyr er klare, denne gongen om kua, sauen og grisen. Kvar bok har femten oppslag med ei «visste du at»-setning og ein illustrasjon som støttar teksten. Illustratør Anna Fiske har ein særeigen strek og spelar på humor i teikningane sine. Visste du forresten at grisen kan få 16 ungar om gongen? Eller at sauen ikkje likar å vere åleine? Eller kva med kua, visste du at ho drikk 130 liter vatn i døgnet?

Visste du at …?-serien er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland. Fakta. Nivå 1.

Frå før har det kome tilsvarande bøker om katt, hund og hest.

Utdrag frå bøkene:

Fleire boktips

6–9
6–9
lettlesne bøker
Frost
3–6