Terje Torkildsen: Stavanger Stories 2

Nokre gonger er det kort avstand mellom liv og død. Torkildsen fortel om kor tilfeldig alt som hender kan vere, utan at ein kan seie noko om kven si skuld det var. Her les vi om kvardagslege hendingar som kan få veldig tragiske følgjer.

Stavanger Stories 2 er ein frittståande oppfølgar av Stavanger Stories 1, vi kan gjerne lese nummer to utan at vi har lese den første. Her møter vi igjen familien Ferguson Bagge på Mariero i Stavanger. Borna er blitt eit år eldre; Broremann er 13 år, Betty 16 år og Duxen 19 år. Mora Kathy er nå psykolog på eit asylmottak i staden for i oljebransjen, og faren som blir omtalt som Dr. Bagge, er framleis kardiolog. Sentral er også Halvard, den kortvaksne kompisen til Broremann, og Eric, kjærasten til Betty. Vi følgjer dei i gjenkjennelege situasjonar som gjerne utviklar seg annleis og får nokre andre konsekvensar enn det personane hadde tenkt. Vi blir overraska over kor tilfeldig ting kan henge saman, og kor pinleg det kan bli.

Stavanger Stories 1 starta og slutta med eit dødsfall, det same gjer denne nye boka. Dette er altså forteljingar som kan gå på livet laus, og mykje av det som hender er slumpetreff: «Ei ulukke har aldri ein enkel årsak. Ho er ei følgje av fleire uheldige hendingar som heng saman i ein serie», skriv Torkildsen både i opningsnovella og i den siste i novellekransen. I den første novella er det hunden Taco som mistar livet etter ei rekke uheldige omstende utan at nokon direkte kan skuldast for ulykka. I den siste novella er det ein liten gut på eit asylmottak som mistar livet utan at nokon har direkte skuld i det heller.

Novellene i Stavanger Stories 2 endar sjeldan med ein lykkeleg utgang, det er for mykje som kan skjære seg til det. Likevel er mykje av det som hender underfundig og ikkje så lite galgenhumoristisk. Vi får forteljingar om flatlus, ei kverka rotte, eit nøkkelknippe som blir «mista», om å ete kaninlortar, spying i ein motorsykkelhjelm, om ei kvise og korleis ein kan komme på framsida av Stavanger Aftenblad utan å ha meint det. Når ein ikkje kan tru at det kan bli verre, så blir det nettopp det.

Dei fjorten korte novellene heng saman på den måten at personar går igjen i fleire av dei og at hendingane blir refererte til frå den eine novella til ei anna. Men dei kan fint lesast kvar for seg. Dei vil heilt klart slå an for ungdommar, for her får vi fortalt kor gale allting kan gå om omstenda ikkje speler på lag.

Utdrag frå boka: