Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Mathias Nyhagen Asplund: Der ingen finn oss

Der ingen finn oss av Mathias Nyhagen Asplund handlar om ein gut og ei jente. Han er sjuk, går ikkje på skulen og må vere heime. Ho trivst ikkje på skulen, blir mobba og føler seg ikkje sett heime. Dei møtest ute mellom blokkene der dei bur og finn at dei saman kan reise inn i fantasien og oppleve utrulege skapningar og spanande eventyr. Her kan dei gjere som dei vil, og her er det ingen som finn dei. Begge ynskjer å fortsetje å vere i fantasiverda som dei diktar seg imellom, men den brutale realiteten med guten sin sjukdom og livets forventningar tvingar dei til å vende tilbake gong etter gong.

Asplund har skrive ei stemningsfull bok som vekslar mellom beskrivinga av ei grenselaus fantasiverd og dei handgripelege omgjevnadane i vårt verkelege liv som vi verken kan unngå eller kontrollere. På nokre sett er det ei trist og brutal forteljing om ein alvorleg sjuk gut som innser i større og større grad at han ikkje lenger får ta del i si eiga fantasireise eller den verkelege verda. Samstundes er det ei fin forteljing om vener og kva eit godt venskap kan bety for nokon i alle fasar i livet.

Der ingen finn oss har korte setningar og mykje dialog som driv handlinga framover. Boka er omtalt som ein barneroman, og det er tydeleg at Asplund spelar på barn si kreative evne. Mange i målgruppa vil nok kjenne seg att i fantasispelet og finne glede i dei mange skildringane av gamle slott, mystiske skapningar, riddarar og skumle dyr.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
9–12