Bobler frå djupet

Bobler frå djupet er ein ny antologi med teikneseriar på nynorsk. Teikneseriane er særleg retta mot elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule.

Antologien inneheld desse seriane:

  • «Cordelia» av Johanne Eikå Bergill
  • «Bjartmann» av Øystein Runde
  • «Kongen i havet» av Katarina Aasgaard Strømsvåg
  • «Jojo» av Ida Neverdahl
  • «Dunce» av Jens K. Styve
  • «Freden» av Jey Levang

teikneseriesidene til Nynorsksenteret er det mogleg å tinge gratis klassesett av teikneserien. Der finn du i tillegg undervisningsopplegg til heftet.