Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Gjertrud Langva: Vi spring ikkje slik vi sprang

Bror og søster vaknar ein dag og oppdagar at foreldra deira er borte. Dei forstår ikkje kvar foreldra har tatt vegen. «Om kveldane fortel vi kvarandre forteljingar om korleis foreldra våre vart borte, og kvar kveld er det den sanne forteljinga som blir fortald.» Først leitar dei i huset, i kjellaren og på mørkeloftet, så rundt huset, og til sist i den ukjente skogen. Dei finn ikkje foreldra nokon stad, men prøver å halde motet oppe. Kan foreldra ha forvandla seg til ei fluge, ei grashoppe eller kanskje ei bjørk?

Historia tek til om våren og varar til langt på hausten, og bror og søster må klare seg sjølve med matauk og husstell. Dei et på det siste brødet, og dei har slutta å vaske hendene og klippe neglene. Heile tilværet har endra seg for dei, dei spring ikkje like lett rundt omkring som dei har sprunge før. Sandalane er blitt altfor små. Det er eit alvor og ei uhygge over heile forteljinga, bror og søster sluttar å leike. Kva som har hendt med foreldra, får vi aldri vite, men romanen har ein overraskande og dramatisk slutt.

Dette er ei eventyraktig Hans og Grete-forteljing, med fleire innslag av folketru og folkedikting slik som katten Gråbein, Huldra, Skrubben og kjerringa med staven. Langva fortel i ein intens og naivistisk stil, og ho klarer på overtydande måte å fortelje frå barnas synspunkt. Ho fortel så godt vi faktisk ikkje tenker på at det burde har vore andre vaksne der som burde ha gripe inn i ein slik situasjon. Romanen er bygd opp med korte tekstar fulle av meining på kvar side, og det går fint an å lese tekstar lausrivne frå kvarandre.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker