Kari Stai: Jakob og Neikob og Alle Andre

Etter å ha følgt bestevennene som bur i lag på ein bakketopp, gjennom bollebaking, i krokodillemagen, på sambuarleiting og blitt kjent med den nye naboen deira, er det mange som er blitt glade i Jakob og Neikob. I den femte forteljinga får vi møte Masekob, som meiner at Neikob bør bli som Alle Andre.

– Neikob, er du lei deg?
– Nei, eg er lei MEG, svarer Neikob. – Eg vil bli som Alle Andre.
– Veit du kven Alle Andre er, da? spør Jakob.
– NEI. Blir du med og finn han?
– JA, svarer Jakob.

Så får vi bli med på leitinga etter Alle Andre på bussen, i havet og i verdsrommet. Akkurat når dei nesten har gitt opp leitinga, finn dei han. Og dei finn ei klonemaskin. Korleis går det med Neikob no, skal tru? Går det an å bli så lik Alle Andre at ein misser seg sjølv? Masekob og Jakob må hjelpe Neikob.

Som i dei andre fire bøkene om Jakob og Neikob har også denne boka mange lag og kan lesast på mange nivå. Illustrasjonane er detaljrike og likevel rolege, og teksten og bileta utfyller kvarandre til fulle. Biletbøkene om Jakob og Neikob er ikkje berre for dei minste, men har tema som også er aktuelle for skuleborn og som gir noko til den vaksne lesaren.

Jakob og Neikob og Alle Andre er ei klok og varm bok om å vere seg sjølv, og om verdien av kvart einskilt menneske. Alle har noko å lære av kvarandre, og det beste er når Neikob får vere heilt seg sjølv.

Utdrag frå boka: