Solfrid Sivertsen: Ho sykla bort og andre noveller

Den seinaste novellesamlinga til Solfrid Sivertsen inneheld ni noveller, der alle så nær som ei blir fortalde av ein eg-forteljar. Dei langt fleste novellene er også fortalde av barn, og vi møter han eller ho i ein kvardagsleg situasjon. Dei dramatiske hendingane, som ei drukningsulykke, mors mange kjærastar eller overgrep, blir ikkje utdjupa, men ligg der som eit bakteppe for opplevingane barna har.

Novella «Bussturen» handlar om Gina som tar med seg broren sin Johnny på ei lang bussreise for å dra til mora si. Pappa er ikkje heime, og han har ikkje jobb. Vi skjønar at faren drikk. Det er ikkje som det bruker heime, og Gina håper at faren vil sakne dei når han oppdagar at dei er borte.

Ein dag overhøyrer eg-personen i «Ho som sykla bort» ein samtale mellom bestemora og nabokona om ei jente som sykla av garde og forsvann. Ho får ikkje svar på kva som verkeleg hende den gongen. Johanne og eg-personen bruker å besøke ein eldre kar som dei kallar Påskemannen, men som heiter Endre. Han er ein einstøing og litt underleg, men han har kattungar. Ein dag sit han død i båten sin. I gravferda dukkar ei ukjent dame opp, og bestemora fortel då at det er ho som blei borte for lenge sidan. Ho er søstera til Endre, og ho forsvann fordi far hennar var «stygg» med ho. Endre banka opp far deira.

I «Blinkesko» møter vi Einar som er snart er sju. Roy er den nye kjærasten til mamma, og han skal vere hos dei i helga. Då må Einar ha barnevakt, og soveromsdøra er lukka. Det var ho også då Fredrik budde der. Med Jarle var det alltid mykje bråk. Når mora og Roy er borte, ringer Fredrik. Einar får ikkje sagt så mykje, berre at han har fått nye blinkesko.

Eg-personen i «Liljekonvall» er einsam og får ikkje vere med jentene i klassen. Veninna Ida har flytta. Berre når hovudpersonen har godteri, får ho merksemd frå dei andre jentene, og ho tar pengar ho finn heime. Ho seier at ho ikkje vil ha bursdagselskap. Foreldra er berre opptekne med brorens konfirmasjon, og ho besøker den eldre nabodama. Nabodama har mange pengar i ei skål som ho skal gje til misjonen.

Solfrid Sivertsen skriv lågmælte noveller, men om viktige emne. Det handlar om barn som ikkje blir sett, og vaksne som ikkje er heilt til stades og har nok med sin eigen kvardag. Dei gjev seg ikkje tid til å snakke med ungane eller stille seg opne for spørsmål. Det er mykje som ikkje skal snakkast om. Vi møter sårbare ungar som sansar stemningar, og som kanskje anar meir enn dei forstår. Vi møter dei i daglegdagse situasjonar, samstundes forstår vi som les, alvoret. Mykje forblir usagt, men vi skjønar at det kan få alvorlege følgjer.

Sivertsen klarer godt å skildre frå det barnlege perspektivet og gje oss eit sug i magen og ei uro. Vi som les, har meir oversikt og forstår konsekvensane meir enn barnet. Dette er historier som rører oss.

Utdrag frå boka: