Atle Hansen: Klure

«Eg skal ikkje snakka i det heile. Hobbyen min er å teia stille så ofte som eg kan», seier Jens. Han har lite sjølvtillit og vil helst vere usynleg. Heldigvis har han to gode vener, Rita og Helge, som bakkar han opp og vil vere saman med han.

Jens tenker på alt han ikkje kan, han er ikkje flink til å springe og hoppe, ikkje kan han stupe og ikkje er han flink til å bygge modellfly eller få ting til på sløyden. Han er rett og slett ei klure, som pappa kallar det. Han er dessutan liten av vekst, og han blir oversett av Randi som er læraren hans.

Eit prosjekt på skolen er å fortelje om kva ein samlar på eller hobbyar ein har. Jens samlar ikkje på noko, og han har ingen hobbyar heller. Men Jens kan ein ting som berre Rita veit om, han er veldig flink til å synge. Dei bruker å synge og spele saman i kjellaren hos Rita, og det er ho som avslører for klassen at Jens kan mange songar og liker å synge. Ho oppmuntrar han veldig til å synge for dei. Det resulterer i stor jubel og applaus, og ein overraska lærar.

Magnus og Egil er dei som bestemmer, det er dei som planlegg idrettsdagen, og som seier at Jens verkeleg er ubrukeleg. Magnus pressar Jens ut av vegen når han syklar, slik at Jens blir skadd. Men Jens vil ikkje sladre, verken til læraren eller foreldra. Det er storebror Johann som fortel dei at Magnus er ute etter Jens og plagar og ertar han. Ein dag er dekka på sykkelen til Magnus blitt skorne opp, og Jens får unngjelde sjølv om det ikkje er han som har gjort det. Helge bergar Jens i ein kritisk situasjon.

På idrettsdagen går det meste dårleg for Jens. Då han skal støyte kule, hentar han fram alle kreftene sine og får kula mykje lenger enn nokon hadde trudd. Men ulykka vil at han råkar hovudet til Magnus.

«Magnus manglar noko inni seg som stoppar han», meiner Rita. Men i nokre situasjonar er ikkje Magnus så tøff likevel, han kan til dømes ikkje svømme. Rita meiner Magnus er misunneleg fordi Jens er mykje flinkare enn han til å synge. Boka sluttar med at engelsklærar Asbjørn overtaler Jens til å synge på konserten på skolen. Rita akkompagnerer, men Jens får ikkje fram eit ord. Brått får han hjelp frå uventa hald.

Utdrag frå boka: